Palmesundag skulle da bli familietur på ski. Pulk, ski og to bilar med folk tok ut i retning Vikafjellet. Berre Magnar hadde fått med seg at vegen til Vikafjellet var stengt i Holo på grunn av ras, noko han kunne opplysa oss om då me kom til bommen før Holo. Etter litt diskusjon kom me fram til at Berdalen fekk bli nytt turmål. Berdalen er ein hengedal til Jordalen, og absolutt verdt eit besøk.
Jarand hadde sove i bilen, og begynte etter halvannantimes køyring å bli lei av å sitja i ro, så pulkturen vart ikkje teke med det beste humøret.
Det var likevel ein nydeleg dag, veret var fantastisk. Og Astrid knakk ikkje ankelen på denne påsketuren, slik ho gjorde førre gongen ho var med familien Tyssen på påsketur. Den gongen to månader gravid med Jarand.

Jarand og Bestefar nyt sola og ventar på nista.


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar