torsdag, juni 19, 2008

Nokon som har ein brukt babybilstol til sals?

No er bilstolen kjøpt inn, men badestol har eg ikkje fått tak i enda;-)

Me må kjøpa oss ny babybilstol til byrjinga av november;-)

Er det nokon der ute som har ein babybilstol de ikkje treng lenger? Me har lurt på Britax babysafe plus, sidan det har fått gode karrakterar i nokre testar. Det er så mange bilstolar å velgja mellom, eg blir heilt forvirra;-)


Astrid ønskjer også å kjøpa ein brukt babybadesete. Kjell Inge synst nok at det er nok ein meiningslaus ting;-)

onsdag, juni 11, 2008

Jarand på helsestasjonen

I går var Jarand på 2 1/2 års-kontroll. Alt ser bra ut:-) Han ser ut til å utvikla seg nett som han skal. No er han 89 cm høg og 13,7 kg tung. Han er ikkje så høg, men følgjer sin eigen kurve heilt jamt. Kurven var heilt jamn på vekta og. Jarand syntest det var veldig kjekt hos helsesøster, for ho hadde så utruleg mange spanande leikar.

Ellers var det litt morsomt/pinleg på venterommet på helsestasjonen. Då me kom var det eit par med ein liten baby på venterommet. Medan mora sat og amma babyen sovna faren i sofaen. Han begynte å snorka. "Sjå mamma" sa Jarand og syntest det var veldig artig... Mora prøvde diskre å vekka mannen, men stakkaren trengte nok den søvnen han kunne få;-)

Jarand seier stadig nye ord og namn. No har lært at eg heiter Astrid. Eg kom heim slik at eg nett rakk å gi han klem før han skulle leggja seg i går. Då var det "Natta Asti, natta Asti, natta mammo, natta Asti". Eg trur han synst det var veldig artig å seia namnet mitt, men det er no kjekkast å vera mammo. Jarand slit med å få rett endingar på orda. Det blir fort pappo og mamma. Innimellom seier han -oe på slutten av orda, slik som "pattoe" = "teppet".

søndag, mai 25, 2008

Gullbjørg vart 50

Kloke håve hadde bestemt seg for å laga overaskelses selskap for Gullbjørg. Ho vart femti på torsdag.

Mai Lisbet klarte på mirakuløst vis å manøvrera slik at dei kom fram akkurat til rett tid til skulehuset på Bakka.

Me lot Jarand vera att hjå besteforeldrene sine på Holmefjord etter å ha feira besten sin pensjonistbursdag..

Solfrid e nervøs for at klokka går fort. Det gjorde ho ikkje.


Skulehuset på Bakka ferdig pynta til fest.


Gullbjørg har komme og vart ein smule overaska.


Gullbjørg stunderer skeptisk heftet so vart laga i anledning dagen. Herregud, ka kan dei ha funne på...


Astrid veit å fylla fatet når det er koldtbord.


Underteikna og Raymond, begge med gode ting i glasa.


Etter mat vart det kaker, som seg hør og bør.


Malene og Stian...


Mesteparten av selskapet...


Hjorten såg på oss....


Me såg på hjorten...


Kem e sjeggen, trur du?


Magnar og Gunnbjørg stod for underhaldninga. Jubilaten måtte gjenkjenna eit leggpar blandt fire. I tillegg var det adjektivhistorie og ein "nattursti" med innebygd alko-test.


Det gjekk bra. Rett par leggar vart funne. Men eg e jevvlig kitlig på leggane so eg sleit litt...


Det vart seint før me gav oss. Det vart ein hyggeleg kveld.

tirsdag, mai 20, 2008

Saukjande

Saukjande mai e og ein dag som må feirast. Seie dei. Ka e gale med ei fjelltur spør eg?

For fyrste gong feira liabrekka14 saukjande i Ålvik. Da gjekk bra da og. Underteikna va te og med på folkefesten (elle...fest utan alkohol e no strengt tatt eit møte).
E no egentlig berre glad so lenge eg slepp å ve i Norheimsund.


Stolt debuterte han i den nye blåkjabrokji si og resten av Noregs vakraste mannebunad. Endeleg har eg kle som e dyrare enn turkledna mine :-)


Bunadsfamilien. 2xhardanger og sogn.

Jarand var entusiastisk med flagget. Innimydlo.


Leikane i Ålvik var ikkje rare greiene, men Jarand hadde no nok å styra på med. Skulle helst ha sykla heile tida.

Astrid and the blue sky.

Beste

Jarand har henta premien sin. Sjokkerande nok vart det ein bil.

søndag, mai 04, 2008

Ei helg i paradis

Då har me lagt bak oss ei langhelg på Bakka. Endeleg, får ein vel seia. Faktisk berre andre besøket sidan nyttår. Det er ikkje godt nok.
Deilig å komma dit utan planar for fire heile dagar. Balsam for sjela og alt da dar.

Jarand har vist seg som ein skikkeleg arbeidskar og har vore med både på støyping, utsortering - og bering av stein og graving og flytting av jord. Han har også tissa på do. Kem skulle tru at han skulle begynna med det på snurredassen på Bakka. Åsso har me køyrd båt - endeleg vart redningsvesten eit plagg han likte å ha på seg.

I kjellaren begynnar det å bli ferdig. Dusj te hausten seie skjeggen.

Me planlegg å tilbringa eit par tre veker på Bakka i sommar. Eg gler meg. (og da e berre å komma på besøk).

Far, son og tiger på båttur.

Mor og son på båttur.

Oooh such a perfect day...kveldsstemning.

Hurrungfjell. Alltid morro å komma i Lyngskardet å sjå Hurrungane laaangt vekke.

Nærøyfjorden 1398 meter der nede.

Ein alvorstynga Jarand på båttur.

Paradis.

mandag, april 21, 2008

Medan Kjell Inge var på Folgefonna, tok me ein tur til Holmefjord

Besto hadde kjøpt kaker og bollar i by`n.

Jarand ville ha juice i koppen og ikkje i glaset.

Lars Ottar og ein til sat på taket til Stian og Beate og jobba.


Dette syntest me andre var veldig spanande å sjå på!!!

Togavsporing igjen...

Togbanen

Å byggja togbane og køyra tog har vore den o`store aktiviteten i vinter. Far og son har stort sett leika fint saman;-)

Meir bilkøyring