Jarand feira fredag i lag med besto og besten, Ragnhild, Even og Håkon. Laurdag kom bestemor og bestefar og onkel Magnar og tysdag skulle han feirast i barnehagen.
søndag, november 30, 2008
Jarand 3 år - del 2
Store dagar lyt feirast skikkeleg. Og ein tre årsdag bør gå over tre dagar.
Jarand feira fredag i lag med besto og besten, Ragnhild, Even og Håkon. Laurdag kom bestemor og bestefar og onkel Magnar og tysdag skulle han feirast i barnehagen.
Utpakking av presang e kjekt. Det vart ikkje trommesett denne gongen helle.
Stolte besteforeldre til to. Men dei vil visst ha minst seks barnebarn, so no lyt andre setja i gong å bidra.
Smalahovud til middag!
Skal jeg eta denna dritten her ???
Dagen derpå måtte instrumentet testast ut
Itte feiringa i barnehagen kom han heim med ei krona som noko for stor. Den var sjølvsagt utstyrt med bilde av ein tiger.
Jarand feira fredag i lag med besto og besten, Ragnhild, Even og Håkon. Laurdag kom bestemor og bestefar og onkel Magnar og tysdag skulle han feirast i barnehagen.
Aking på skogen
Dagen itte dagen fekk eg og Jarand med oss den heimkomne onkel Magnar på aketur. Me reiste fyrst til Sjusete (eg håpte i da lengsta på at me kunne gå mot Torefjell) men det viste seg at der var det mindre snø enn heime i hagen. So me snudde bilen og reiste på Kvamskogen. Parkerte ved Ungdomsheimen og trakka oss oppover...
Magnar vart heilt vill i nikkersen av få eit kjapt speilreflekskamera i nevane so han fyrte av godt over 400 bilder på turen. Men da va no eit fantastisk ver, og eit fantastisk føre
Ekta julekortmotiv...

Ein MÅ ikkje sita på eit akebrett.
Nokre trenar med bildekk hengande bak seg, andre trenar med treåringar hengande bak seg. Forskjellen e at treåringen har da dritmorro, mens bildekka kunne ikkje brydd seg mindre.
Ein annan forskjell e at etter oppturen, so skal ei nedatt. Og da e kjekt både for han so trena og treåringen.
"Akebrettet skar ut av vegen." Føraren hadde ingenting med saken å gjera. Godt at nokon var nesten klar for å stoppa han før kanten.

Morro både for far og son. Me laut ta ein tur te.
Magnar vart heilt vill i nikkersen av få eit kjapt speilreflekskamera i nevane so han fyrte av godt over 400 bilder på turen. Men da va no eit fantastisk ver, og eit fantastisk føre
lørdag, november 22, 2008
Jarand 3 år!!!!!!!
21. november blei Jarand 3 år. Han var ikkje så sikker på at han ville ha bursdag, for han var ikkje blitt gammal... men eg trur han synst at bursdag er ein bra ting når det kom gjester som til og med hadde pakkar med seg:-)
Pakkar er gøy!!!
Jarand fekk julekalender med bursdagsgåver på frå meg, Kjell Inge og Mari.


Håkon, Even og Ragnhild + Besto og Besten kom på besøk:-)
Håkon, Jarand og Besto leikar med duplo.

Ragnhild og Mari trivst godt i lag:-)
Even snakkar i mobiltelefonen;-)
mandag, november 17, 2008
Peugeot til sals;-)
Peugeot 206sw 2003-modell eller Peugeot 206 kombikupe 2001-modell til sals. Begge bilane er kjempegode å køyra. Veldig gode på vinterføre. Kunne me heller bygd på sw'en tre hundre liter bagasjerom så hadde me gjort det.
Peugeot 206sw 1,4 (bileta)
Fin for 3, men litt liten for 4 når eg pakkar til me skal på tur.... me må ha oss større bil...
- Køyrd ca 80.000 km
- Kjøpt i oktober 2003
- Nokre merker bak på støtfangaren(plast), men elles fin i lakken.
- Bagasjeromsvolum : 313 liter
- Bakovervendt barnestol går greit bak førar inntil 180cm
- Alle servicar
Peugeot 206 kombikupe 1,4 (kan skimtas på nokre av bileta, men treng litt vask og støvsuging før eventuell biletetaking)
- Køyrd ca 120.000 km
- Kjøpt ny i 2001
- Regnsensor
- Peugeot takstativ
- Slit ikkje på bakhjula i det heile!
- Aluminiumsfelgar med sommardekk
- Stofftrukkne hardplastmatter
- Ein liten bulk samt to åpne sår i lakken.
- Bakovervendt barnestol går greit bak førar inntil 180cm
- Alle servicar
Felles for begge bilane :
Metallic lakk
Air Condition
El.vinduer
Klimaanlegg
Radio/CD (integrert)
Sentrallås
Servostyring
ABS-bremser
Airbag foran
Sideairbager
1,4l - 75 hk Bensin
Girkasse -Manuell
Framhjulsdrift
Sommar og vinterdekk
Forbruk på i ca 0,6 liter/mil ved blanda køyring
fredag, november 14, 2008
...staten får ikkje bestemma
Me har funne namn te dan vetla jento som te no berre har gått under namnet babyen. Det går jo ei stund det, men det kjem andre babyar, og då vert det fort rot.

Mari vert namnet hennar.
Ho får då same namnet som oldemor si. Ei heilt utruleg fantastisk dame, som eg va veldig glad i - derfor e da ekstra kjekt å bruka hennar namn på vetlajento.
Mari vert namnet hennar.
Ho får då same namnet som oldemor si. Ei heilt utruleg fantastisk dame, som eg va veldig glad i - derfor e da ekstra kjekt å bruka hennar namn på vetlajento.
Ting og tang ein har bruk for ?
Astrid har mange rare idear. Nokre e gjedna rare, men kjekke likavel...
Ho var på shopping med besto på Holmefjord og kom heimatt med ein tungt sponsa sykkel, so Jarand kalla da, ein ting å montera på barnevogna slik at lathansar kan sita på i staden for å gå sjølv. Dette aukar jo aksjonsradiusen til foreldra ganske so mykje, noko iallefall eg set pris på. Me har allereie trava halve dalen rundt.
Og lathansen gikk faktisk ein del sjølv lell. Han var med å skubba og både gjekk og sprang ved sida av.
Og når han sitte på fungerar han som personleg trenar. Fortare pappa. Fortare.
Og lathansen gikk faktisk ein del sjølv lell. Han var med å skubba og både gjekk og sprang ved sida av.
Og når han sitte på fungerar han som personleg trenar. Fortare pappa. Fortare.
torsdag, november 13, 2008
Første bad heime
Jarand vaskar badebaljen som har stått på loftet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)