Mari er ikkje alltid lite lett å ta bilete av eller filma, for ho skal ta kamera. Blir mykje nærbilete;-)
søndag, oktober 25, 2009
Rundt Fitjadalsvatnet - 18. oktober
Del 3 Fitjadalen
Onkel Tormod les for Jarand
Her om dagen sa Jarand "Da e`kje deko so bestemme, da e Tormod!". I følgje Jarand så må me byta på å bestemma. -Pappen, Mammo, han sjølv, Mari og Tormod. Dei to siste dagane har pappen bestemt. Forrige helg sa Jarand at Mari skulle bestemma neste helg. Eg er usikker på både kva Mari meinar når ho bestemmer og kortid det blir neste helg i Jarand sitt hovud. Det kjem nok til å gå mykje i klatring om Mari får bestemma. Ho prøver å klatra opp over alt for tida, heilt utan nokon grense for kva som er trygt og realistisk at ho skal klara. Ho held seg fast og strekker ut beinet i håp om å komma over kva som helst slags hindring. Det er jammen godt at ho er liten, så det er litt mindre ho rekk opp til...;-)
Ved lavoen, 10 oktober
fredag, oktober 16, 2009
Stor sekk eller liten gut?
mandag, oktober 12, 2009
Bursdagar i november
Jarand er ikkje så oppteken av kor gammal han er, men han er veldig oppteken av det å ha bursdag. Han gler seg veldig til det er hans tur!!!! Når det har vore noko han har lyst på så har eg sagt at han får ønskja seg det til bursdagen. Sidan eg har sagt det så har me planlagt bursdagen hans sidan juni...
Han har planlagt at han skal ha med saft-is i barnehagen, for det var det nokon andre som hadde og det var kjempegodt. Torleif skal få komma i bursdagsselskap til han og dei skal eta pepperkaker. Eg har sagt at eg kjenner ikkje foreldra til Torleif, men at me kan leggja lappe i hylla hans i barnehagen. Somme dagar vil ikkje Torleif vera med Jarand i barnehagen, når han er sånn då får han ikkje komma i bursdagen heller, seier Jarand. Då er det berre Håkon og Yngve som skal få komma. Underhaldninga i barneselskapet er å leika med bilar. Besto skal og få komma, men sjølv om ho er god til å leika med bilar så spørst det om ho skal få komma i familieselskapet i stadan for barneselskapet...
Mari si ønskjeliste
Han har planlagt at han skal ha med saft-is i barnehagen, for det var det nokon andre som hadde og det var kjempegodt. Torleif skal få komma i bursdagsselskap til han og dei skal eta pepperkaker. Eg har sagt at eg kjenner ikkje foreldra til Torleif, men at me kan leggja lappe i hylla hans i barnehagen. Somme dagar vil ikkje Torleif vera med Jarand i barnehagen, når han er sånn då får han ikkje komma i bursdagen heller, seier Jarand. Då er det berre Håkon og Yngve som skal få komma. Underhaldninga i barneselskapet er å leika med bilar. Besto skal og få komma, men sjølv om ho er god til å leika med bilar så spørst det om ho skal få komma i familieselskapet i stadan for barneselskapet...
Jarand si ønskjeliste
- Lego
- Ferja med lys (Kjøpt;-)
- Bilbane/garasjehus
- Kongen og Harry Knøl småbilar
- Grøn bossbil med stige (plasto)
- Raud traktor med grav og bæbu og lys (Bruder) Det går an å kjøpa delar til Bruder-traktorane, så kanskje ein laus gravar er like greitt som enda ein traktor? Jarand ønskjer seg vell eigentleg det meste når han har kikka på hylla med Bruder-leikar i leikebutikkane.
- Småbilar, han ønskjer seg alt frå Citroen C5 til Volvo frå 1970. Når han ser bilete av bilar han likar i blad og bøker seier han at han ønskjer seg ein sånn.
Når me rydda så synst me vell eigentleg at ungane har nok leikar, så me kan godt hjepla til med å komma på fornuftige ting å ønskja seg. Sjølv om Jarand vil sikkert sei om det at "Da e`kje deko so bestemme!";-) Når det gjeld klede så har begge ungane har stort sett det meste dei treng i den størrelsen dei brukar no (Jarand 104 og Mari 74). Mari har vell det meste ho treng til og med størrelse 80. Godt mogeleg ho har det ho treng etter det og, men det har eg ikkje oversikt over enda.
Jarand
- 2-delte pyjamasar, str 110
- Ulljoggebukser i str 104 - janus har noko sånt
- Strikka ullbukser
- Strikka ullvottar
- Hestra-vottar med ullfor
- Kanskje ein sovepose, viss Mari vil vera med på tur og overtar "Little Viking"-posen.
- Teikneblokk. Jarand er veldig glad i å teikna, så han treng masse papir. Fargar og tusjar han fått før:-)
Mari si ønskjeliste
- Lav barnestol (Kjøpt;-), ser det blir litt knuffing når dei sit på benken til onkel Magnar begge to;-) (Ikea har nokre fine stolar)
- Ullstilongs i str. 74
- Hårstrikk og klemmer for glatt hår
- Uteleikar (Ein viss storebror treng minst tre spadar og 14 bøtter når han leikar, så det er ikke alltid så mykje igjen til Mari.)
- Dynetrekk i str. 100-140 cm
- Duplo
- Drikkeflaske og nisteboks, obs unngå plastboksar og flasker med farleg plast i. 07-merke under er i alle fall ikkje bra, eg lurer på om 05 i trekant og står for noko suspekt...
- Kanskje ei babydokke (Kjøpt;-) med fint ansikt, nokre av babydokkene ser jo berre skumle ut;-) Jarand har baby - Tigeren;-)
- Pitteliten trehjulssykkel (Kjell Inge seier at me har nok syklar i garasjen, så han støtta visst ikkje dette forslaget;-)
lørdag, oktober 10, 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)





