fredag, oktober 16, 2009

Stor sekk eller liten gut?

Jarand er veldig flink til å hjelpa når han har lyst. I dag hjalp han meg med å leggja ved i la. Han sa at han var ein hjelping når mammo trengte hjelp:-)

mandag, oktober 12, 2009

Bursdagar i november

Jarand er ikkje så oppteken av kor gammal han er, men han er veldig oppteken av det å ha bursdag. Han gler seg veldig til det er hans tur!!!! Når det har vore noko han har lyst på så har eg sagt at han får ønskja seg det til bursdagen. Sidan eg har sagt det så har me planlagt bursdagen hans sidan juni...

Han har planlagt at han skal ha med saft-is i barnehagen, for det var det nokon andre som hadde og det var kjempegodt. Torleif skal få komma i bursdagsselskap til han og dei skal eta pepperkaker. Eg har sagt at eg kjenner ikkje foreldra til Torleif, men at me kan leggja lappe i hylla hans i barnehagen. Somme dagar vil ikkje Torleif vera med Jarand i barnehagen, når han er sånn då får han ikkje komma i bursdagen heller, seier Jarand. Då er det berre Håkon og Yngve som skal få komma. Underhaldninga i barneselskapet er å leika med bilar. Besto skal og få komma, men sjølv om ho er god til å leika med bilar så spørst det om ho skal få komma i familieselskapet i stadan for barneselskapet...

Jarand si ønskjeliste

  • Lego
  • Ferja med lys (Kjøpt;-)
  • Bilbane/garasjehus
  • Kongen og Harry Knøl småbilar
  • Grøn bossbil med stige (plasto)
  • Raud traktor med grav og bæbu og lys (Bruder) Det går an å kjøpa delar til Bruder-traktorane, så kanskje ein laus gravar er like greitt som enda ein traktor? Jarand ønskjer seg vell eigentleg det meste når han har kikka på hylla med Bruder-leikar i leikebutikkane.
  • Småbilar, han ønskjer seg alt frå Citroen C5 til Volvo frå 1970. Når han ser bilete av bilar han likar i blad og bøker seier han at han ønskjer seg ein sånn.

Når me rydda så synst me vell eigentleg at ungane har nok leikar, så me kan godt hjepla til med å komma på fornuftige ting å ønskja seg. Sjølv om Jarand vil sikkert sei om det at "Da e`kje deko so bestemme!";-) Når det gjeld klede så har begge ungane har stort sett det meste dei treng i den størrelsen dei brukar no (Jarand 104 og Mari 74). Mari har vell det meste ho treng til og med størrelse 80. Godt mogeleg ho har det ho treng etter det og, men det har eg ikkje oversikt over enda.

Jarand

  • 2-delte pyjamasar, str 110
  • Ulljoggebukser i str 104 - janus har noko sånt
  • Strikka ullbukser
  • Strikka ullvottar
  • Hestra-vottar med ullfor
  • Kanskje ein sovepose, viss Mari vil vera med på tur og overtar "Little Viking"-posen.
  • Teikneblokk. Jarand er veldig glad i å teikna, så han treng masse papir. Fargar og tusjar han fått før:-)

Mari si ønskjeliste

  • Lav barnestol (Kjøpt;-), ser det blir litt knuffing når dei sit på benken til onkel Magnar begge to;-) (Ikea har nokre fine stolar)
  • Ullstilongs i str. 74
  • Hårstrikk og klemmer for glatt hår
  • Uteleikar (Ein viss storebror treng minst tre spadar og 14 bøtter når han leikar, så det er ikke alltid så mykje igjen til Mari.)
  • Dynetrekk i str. 100-140 cm
  • Duplo
  • Drikkeflaske og nisteboks, obs unngå plastboksar og flasker med farleg plast i. 07-merke under er i alle fall ikkje bra, eg lurer på om 05 i trekant og står for noko suspekt...
  • Kanskje ei babydokke (Kjøpt;-) med fint ansikt, nokre av babydokkene ser jo berre skumle ut;-) Jarand har baby - Tigeren;-)
  • Pitteliten trehjulssykkel (Kjell Inge seier at me har nok syklar i garasjen, så han støtta visst ikkje dette forslaget;-)

tirsdag, september 08, 2009

Mari - 10 mnd.

Mari er allereie blitt 10 månadar gammal. Ho er ei aktiv lita jente. I det siste har ho funne ut at det er kjekt å gå når ein har noko å halda seg i. Ho er framleis tannlaus, men det virkar som
om noko er på gang... ho tygger på alt ho kjem over;-) Jarand er veldig glad i ho, men det blir litt knuffing innimellom. Ho gjer grei beskjed om at ho ikkje vil bli heldt, men han tar sjeldan hintet;-) Ho kan og vera veldig bestemt om det er ting ho ikkje vil gje frå seg. Jarand treng stort sett dei fleste leikane Mari har funne seg. Mari er glad i mat. Ho vil ha det meste me gjer ho bortsett frå tran og fruktpure. Prøver å fanga figurane på barne-tv...

Det var ikkje så gøy å ha benken denne vegen!

Når ein tar bilete av ho, kjem ho i full fart for å ta kamera;-)






Besøk av Line og Tormod

Line er med Mari og Jarand og kokar bil-graut.

Nam.nam!
Har Kjell Inge og lyst på bil-graut???

fredag, august 28, 2009

Bytur med Jarand

Forrige laurdag var eg og Jarand på tur til Bergen. På Togstasjonen var det utdeling av bollar og juice og bybane-brosjyre. Tusen takk for maten til bybanen!!!
Me var på kino og såg Gubben og Katten: Glemmeligheter. Det er første gong eg har teke Jarand med på kino. Trur han likte det, sjølv om han likte allerbest å ta toget. Han var sur på meg når me berre skulle ta toget heim att til Arna... han ville ikkje gå av...;-)
Me var på besøk til Onkel Hallgeir for første gong etter at han flytta til Bergen. Fekk middag og det heile:-) Hallgeir er sikkert lei seg for at alle bileta eg tok av han blei uklare.... og uegna for bloggen... Jarand var litt trøtt, men koste seg i alle fall framfor tven. Stilig med høg stol!
På toget.

tirsdag, august 18, 2009

Hard veka


Det har vore ei hard veke for stakkars Jarand. På fredag hadde han fått Streptokokkinfeksjon og må ta tilsaman 20ml "penicillin" fordelt på tre dosar om dagen i heile ti dagar. Og da smaka skikkeleg dritt.

I dag måtte han trekka ein av dei store flotte framtennene sine. Noko han nok ikkje var heilt einig i skulle skje. Men ikkje so gale at da ikkje e godt for noko. No har han fått ein ny ting å leika med; ei kiste med ei ekta tann i.

lørdag, august 15, 2009

Ei lita oppdatering

Mari er passert 9 mnd. ferien er slutt og begge foreldra er tilbake på jobb og heime med ungane. Eg er på jobb mandag-onsdag og Kjell Inge er på jobb torsdag og fredag. Tida fram til jul kjem nok til å gå veldig fort!!! Eg likar meg veldig godt både heime og på jobb. Frå neste veke får eg og ei ny rolle. Eg skal ha ansvar for skulebiblioteket på ungdomsskulen i Samnanger dette skuleåret. Det blir spanande!

Jarand er begynt på utegruppa i barnehagen. Han syntest det var veldig trist når me skulle gå om morgonen den første veka. Andre veka sa han "Mamma, i dag skal eg ikkje grina når du går". Det gjorde han ikkje heller:-) Han må trivast veldig godt, for han har lyst å gå i barnehagen på fridagane sine og i helgene og. Han har heller ikkje tid til å bli med heim når han blir henta i barnehagen. Jarand er i barnehagen tirsdag, onsdag og torsdag.

I byrjinga av månaden var Mari på kontroll på helsestasjonen. Ho var då 67 cm lang og 7390 gram tung. Vesle, skjønne jenta vår! Blir nok babybilstolen ei stund til på ho;-) Ein må vera 9 kg for å bruka den neste stolen me har. Jarand skifta til den då han var 9 mnd. Han mistrivdes i babybilstolen.... Jarand var 70,5 cm og 9100 gram når han var 9 mnd. Han hadde 3 dobla fødselsvekta si han då. Mari har dobla fødselsvekta si;-) Vekt i høve til lengde er veldig fin for Mari, så ho er heilt som ho skal, berre litt kort:-)
Eg var 68 cm og 8500 gram når eg var 9 mnd.