lørdag, desember 19, 2009
torsdag, desember 17, 2009
onsdag, desember 09, 2009
Gåstol
Mari fekk seg stol til bursdagen av Tormod og Line. Den er fin å gå tur med for ei lita jente som synst det er kjempekjekt å gå, men har vore litt skeptisk til gåing utan å ha noko å halda seg i;-)
fredag, desember 04, 2009
Bursdagsfeiringar
Me har sørga for å samla bursdagane til ungane i november. Alle to. Derfor gjekk to helger "med" på feiring av søte små...
Mari får god hjelp til å åpna pakkar av Jarand. Mari forøvrig mest oppteken av papiret.
Middagsselskap med to onklar og fire besteforeldre. Etter middag var det ein begredeleg fotballkamp som stod på programmet. Sogndal rykka ikkje opp. Flagget på halv stang. Mari sin fyrste bursdag vert ikkje eit godt minne.
Jarand hadde og bursdag i November. Her har han fått pakka ut ski. Åsnes Snømann. No håpar både han og faren at det ikkje er så lenge til me får prøvde dei.
Eit lite kosleg barneselskap vart det også. Håkon og Eirik frå utegruoppo, og Even som er bror til Håkon og bur i nabolaget. Og som har vore ein liten helt for Jarand.
På kvelden var det middagsselskap med besteforeldre og Tormod og Line. Og etter middag vart det kake.
Takkar for alt det fine begge ongadn fekk til bursdagane...
Takkar for alt det fine begge ongadn fekk til bursdagane...
TurMari
Mari har fått prøvd seg litt på tur i haust sidan eg og ho har hatt tid til å fjasa rundt på fjellet åleine heile to dagar i veka.
Etter to dagar i permisjon var det tid for vår debut. Den gjekk til Torefjellsflyane. Ein fin liten rundtur i området over Sjusete skistadion.
Her har Mari fått sine fyrste ekte ferske blåbær rett frå lyngen. Trur kanskje ikkje fyrsteinntrykket var det beste, men jammen har ho likt blåbær ittepå.
Mari vart liten i bæremeisen...
Angriiiiip kamera. Ho vart glad når ho endeleg slapp laus og fekk krabba litt på berget sånn ca rundt Forsete.
Etter krabbing kjem søvn. Og for bæraren var det godt å få bekrefta at Mari og kan sova i bæremeisen. Nemleg veldig praktisk med ungar som kan sova i bæremeisen.
Her er me på veg over Skeisheii. Ein tur som etterkvart skulle visa seg å verta ganske våt og utriveleg, og det var nett før me ba om hjelp til å komma oss tilbake til bilen. Men etter eit kvarter under tak i eit elles øde skiannlegg i Eikedalen, kom e oss i veg, og gjekk heile vegen tilbake til Jonshøgdi/Wallemtunet. (Må nemnast at eg vart omtalt som tøff, av eit par i eit sel i Skeiskvandalen, som kom her med ein liten onje. Du ska vel ikkje gå heilt tilbake til bilen?)
Solhellanuten er ein favoritt, og Mari lika seg der og.

Søen var kommen på ein 500moh, og me laut opp og sjå på den. Såta vart valgt, og Mari stortrivdes på toppen. Om det var utsikta, eller kakaoen og yogurten som gjorde utslaget er eg usikker på.

Ein laurdag Jarand var sjuk, og trengte litt fred i huset tok eg med meg Mari til Fitjadalen. Me gjekk forbi Døgnope til Soldal og Hovland før me gjekk tilbake over Laupsaflyane. Ein fin tur, men Mari vart litt kald på slutten, og ikkje hadde me tid setja oss ned å kosa oss litt heller, for mørket kom fort.
Etter to dagar i permisjon var det tid for vår debut. Den gjekk til Torefjellsflyane. Ein fin liten rundtur i området over Sjusete skistadion.
lørdag, november 28, 2009
Julegåveønskjeliste for dei søte små
Tusen takk for alle dei fine gåvene ungane fekk til bursdagane sine!!!!! No hadde eg eigentleg tenkt å blogga bursdagar og greier og greier, men så har eg ikkje tilgong til bileta våre... då blir det jo litt keisamt... I stadan for så kjem julegåveønskjelista til ungane, sidan me har fått nokre spørmål etter den.
Mari og Jarand
- Dynetrekk, lengde 1.40
- Sandkasse- og uteleikar
- DVDar, altfor glade i å sjå på tv begge to... Jarand blir nok veldig glad for Istid 3 (Kjøpt:-), ellers så har han dilla på Snipp og snapp, Donald osv. Dei ser det meste frå Drømmehagen til Top-gear.... Jarand ser alt han får lov til å sjå, særleg om det kan utsetja legginga om kvelden. Han må for eksempel sjå om det er noko interessant på Vestlandsrevyen før han kan pussa tennene...
- Bruder-leikar eller utstyr til Jarand sin John Deer-traktor
- Småbilgarasje med bratt veg og heis
Jarand
- Bilveg til å byggja lego på
- 2-delte pyjamasar i str. 110
- Truser/Boxarar i str. 110
Sett på leiketikken på Vossevangen:
- Plasto bossbil
- Bruder raud trakor med grav
Knapt mogeleg å få for mykje gode ullklede;-) Han brukar str. 104 no.
- Hestra vottar med ullfor
- Strikkebukse
- Ulljoggebukser
- Ullvottar
Mari
- Mari har mykje gode klede etter Jarand og fine kjolar etter Malene. Me trur ho har det meste ho treng i str. 74 og 80, sjølv om det er alltid kjekt med nye feminine innslag. Ho ønskjer seg kanskje mest litt jentete klede i str. 86 og oppover, sjølv om det er ei stund til ho kan bruka dei... No er ho 71 cm...
- Peikebøker, me har dyrebøker.
- Hårstrikk
- Drikkeflaske, men unngå 07-merket på plastflaskene. Kanksje 05-merket og? Anar ikkje om det står for noko skummelt....
- Duplobyggjeklossar.
lørdag, november 21, 2009
søndag, oktober 25, 2009
Mari - 25. september
Mari er ikkje alltid lite lett å ta bilete av eller filma, for ho skal ta kamera. Blir mykje nærbilete;-)
Rundt Fitjadalsvatnet - 18. oktober
Abonner på:
Innlegg (Atom)





