søndag, januar 03, 2010

Godt nytt år!!!!!

Då var 2010 i gong. Me satsar på å fortsetja trenden frå 2009 med å oppdatera bloggen vår med ujamne lange mellomrom... spedd på med litt dårlege blogga frå mobilen.... Kan vera me treng å bli minna på at det er på tide å blogga innimellom;-) Her beundrar rakettkomiteen arbeidet sitt:-)
Jarand og Line som spøkelser med stjerneskot:-) Jarand syntest at fyrverkeri var stilig, men han likte ikkje smella... det gjorde ikkje Mari heller. Ho låg og sov i vogna si, men sovna fint igjen tilbake i hytta.

Jarand pyntar pepperkakehus

Som vanleg blei ikkje huset akkurat som me tenkte. Me gløymde å ha sukker i deigen, så det smakar litt rart. Fordelen er at me har pepperkaker som me kan gje til Mari med god samvit;-) Uhell nr. 2 var at den fine veggen vår med ekkorn-glas datt på golvet og då blei den ikkje så fin lenger... men me klarte no å lappa det saman.
Garasje.
Nam, nonstop!
Seigemenna sklir berre ned att frå veggen.... Kunstnaren fortviler og ho mor må leggja frå seg kamera for å hjelpa til.

Snømann i hagen

Magnar og Kjell Inge laga snømann i hagen i Ålvik. Han hadde fakkel i hovudet og det heile. Jarand har hatt store forventningar til å laga snømann når det kom snø, så det var kjekt at det kom litt snø som det gjekk an å bygga med og:-) Ellers så er det veldig stas med den tørre fine snøen me har fått:-)


Solnedgong

Det er igrunnen litt keisamt å ikkje ha sol om vinteren i Steinsdalen... eg trøstar meg med at det er stort sett mykje dårleg ver, så ein hadde ikkje fått nyta sola lell. På Holmefjord er det sol heile året, så me fekk kost oss i sola i romjula.

Nyttårsførebuingar

Baking av bananmuffins saman med mamma. Mari er utruleg tolmodig når ho får vera med å baka. Ho blir av og til litt gretten når me "tar" deigen hennar og har den i former...


Mari griste til alle kleda sine med deig, bortsett frå ein sokk;-)
Hum, lurt å senda nyttårs-SMS litt tidleg kanskje???
Eller kanksje like greitt å ringja????

onsdag, desember 09, 2009

Gåstol

Mari fekk seg stol til bursdagen av Tormod og Line. Den er fin å gå tur med for ei lita jente som synst det er kjempekjekt å gå, men har vore litt skeptisk til gåing utan å ha noko å halda seg i;-)

fredag, desember 04, 2009

Bursdagsfeiringar

Me har sørga for å samla bursdagane til ungane i november. Alle to. Derfor gjekk to helger "med" på feiring av søte små...


Mari får god hjelp til å åpna pakkar av Jarand. Mari forøvrig mest oppteken av papiret.

Middagsselskap med to onklar og fire besteforeldre. Etter middag var det ein begredeleg fotballkamp som stod på programmet. Sogndal rykka ikkje opp. Flagget på halv stang. Mari sin fyrste bursdag vert ikkje eit godt minne.

Jarand hadde og bursdag i November. Her har han fått pakka ut ski. Åsnes Snømann. No håpar både han og faren at det ikkje er så lenge til me får prøvde dei.

Eit lite kosleg barneselskap vart det også. Håkon og Eirik frå utegruoppo, og Even som er bror til Håkon og bur i nabolaget. Og som har vore ein liten helt for Jarand.

På kvelden var det middagsselskap med besteforeldre og Tormod og Line. Og etter middag vart det kake.

Takkar for alt det fine begge ongadn fekk til bursdagane...

TurMari

Mari har fått prøvd seg litt på tur i haust sidan eg og ho har hatt tid til å fjasa rundt på fjellet åleine heile to dagar i veka.


Etter to dagar i permisjon var det tid for vår debut. Den gjekk til Torefjellsflyane. Ein fin liten rundtur i området over Sjusete skistadion.
Her har Mari fått sine fyrste ekte ferske blåbær rett frå lyngen. Trur kanskje ikkje fyrsteinntrykket var det beste, men jammen har ho likt blåbær ittepå.

Mari vart liten i bæremeisen...

Angriiiiip kamera. Ho vart glad når ho endeleg slapp laus og fekk krabba litt på berget sånn ca rundt Forsete.

Etter krabbing kjem søvn. Og for bæraren var det godt å få bekrefta at Mari og kan sova i bæremeisen. Nemleg veldig praktisk med ungar som kan sova i bæremeisen.

Her er me på veg over Skeisheii. Ein tur som etterkvart skulle visa seg å verta ganske våt og utriveleg, og det var nett før me ba om hjelp til å komma oss tilbake til bilen. Men etter eit kvarter under tak i eit elles øde skiannlegg i Eikedalen, kom e oss i veg, og gjekk heile vegen tilbake til Jonshøgdi/Wallemtunet. (Må nemnast at eg vart omtalt som tøff, av eit par i eit sel i Skeiskvandalen, som kom her med ein liten onje. Du ska vel ikkje gå heilt tilbake til bilen?)

Solhellanuten er ein favoritt, og Mari lika seg der og.


Søen var kommen på ein 500moh, og me laut opp og sjå på den. Såta vart valgt, og Mari stortrivdes på toppen. Om det var utsikta, eller kakaoen og yogurten som gjorde utslaget er eg usikker på.

Ein laurdag Jarand var sjuk, og trengte litt fred i huset tok eg med meg Mari til Fitjadalen. Me gjekk forbi Døgnope til Soldal og Hovland før me gjekk tilbake over Laupsaflyane. Ein fin tur, men Mari vart litt kald på slutten, og ikkje hadde me tid setja oss ned å kosa oss litt heller, for mørket kom fort.