torsdag, mars 30, 2006

Ivrig!




Pappen har sagt at Jarand ikkje skal få røra ei datamaskin før han er 18... men kva skjer når pappen går på jobb... då får Jarand lov av mammo... Jarand likar veldig godt å skriva og har sendt ei rekkje uforståelege meldingar på msn...

Malarmeisteren!

Astrid og Jarand bur på Holmefjord denne veka, medan Kjell Inge er att i Norheimsund for å mala gangen. Det er ikkje mykje rettferdig dette her. Me reiser rundt på besøk og har det kjekt, medan Kjell Inge må arbeida til laaaaaaaaaaaaangt utover kveldane.

Jarand besøker kompisen sin Sigurd i Bergen


Det er kjekt for både store og små å treffa kvarandre! Vegard synst nok det var kjekt med besøk, for besøk var ein god grunn til å eta is på ein onsdag:-)

Bestemor Solfrid har strikka ei nydeleg drakt til Jarand!

Olve, Bård og Kristine kom på besøk den 24. mars!

Det er god plass til to stykker på Kristine sitt fang:-) Me ønskjer dåke lykke til med babyen som er i vente, eller kanskje babyen allereie er kommen??? Var ikkje terminen i morgon den 31. mars????

fredag, mars 24, 2006

Jarand gratulerar: onkel Magnar 17 år!!!!!!!!



Magnar vert 17 år i dag, og adle i Liabrekka 14 gratulerar han so mykje me da. Ein likandes kar.
Her ser me han på veg ut Nærøydalsryggen på Solbjørgonipa og Høgaberget i juli i fjor.

torsdag, mars 23, 2006

M A D R U G A D A

Madrugada spelte i råkka omgivelsar i Grieghallen, Bergen i går kveld. Og dei leverte varene på ein svært tilfredstillande måte. Ane Brun var erstatta av lokale Nathalie Nordnes og da gjekk jo bra da. Jækla morro å endeleg få med seg Madrugada live.

onsdag, mars 22, 2006

Hipp hurra!!!


Mandag hadde besto bursdag, det måtte sjølvsagt feirast!
Arne og gjengen gler seg til kakene:-)
Jubilanten med og i grøn gensar. Kaka heiter faktisk grøn gensar... og smakar veldig godt!
Kan eg få jobb som overskriftmakar i dagbladet eller vg???...
Jarand ventar på at besto skal pakka opp gåvene sine, så han kan overta det fine innpakningspapiret.

Smalahovefest

Laurdag var det tid for endeleg å eta fjorårets smale. Da va godt denna gongen og, om eg skal sei da sjølv. 2 kilo nepe, 4 kilo potet og fire og ein halv sau vart oppetne.

Håve - da besta på heile sauen....



Den aller yngste deltakaren turde ikkje menga seg blandt gutta boyz. Jarand og Sigurd koste seg. Litt iallefall. Trur eg.

tirsdag, mars 21, 2006

4 mnd. i dag!


Jarand er blid og glad og lagar masse lyd!!! Han testar ut stemma si...;-)

fredag, mars 17, 2006

Nye leiketøy













Mor og far i huset har fått seg nye leiketøy. Mor til venstre, far til høgre. Om nokon lurte.

Torefjell (revisited)

Vesoldo slikkar dei siste solstrålane.
Norheimsund ligg i skuggen der det høyrer heime. Og snart er det slutt på sola på Folgefonna òg.

Ein vakker kveld på Torefjell i går. Ein litt sein start frå Sjusete, men eg kunne likavel nyta solnedgangen på toppen ein time seinare. Nedkøyringa var ikkje den heilt store opplevelsen med sviktande skare, is og råten snø om kvarandre.

Sol ute, sol inne, sol i hjertet, sol på kinnet

Jarand var i går for fyrste gong ute og solte seg. I splitter nye baby-banz (dei heiter det, heilt sant) Det var varmt i liabrekka, og ei isoporplate vart underlag for solingsforsøket - for snøen ligg endå.


Mens Jarand slikka sol, dytta foreldra han i seg BigOne. Årets fyrste ute-middag.

mandag, mars 13, 2006

Alt kler dan smukke


Jarand e blitt ei moteløva, og då onkel Tormod kom på ein snarvisitt frå fydle-hytte-tur på Kvamskogen va han ivrig på å ta øve solbridlene. Terningkast seks.

Fø ei skiveka

Veret har vore fantastisk i da sista. Kvamskogen fekk nokre etterlengta centimeter med pudder. Deilege kalde dagar og elles nydele ver har gjort at interessa for å gå på jobb ha vå rimeleg liten.



Torsdagskveld. Litt øve toppen på mødalstrekket. I da fjerna e sole nesten heilt ferdig fø dagen, mens lysa i Eikedalen nett ha begynt jobben. Eg og Magnar fekk oss ein fin tur i kveldsmørket med nydeleg pudderføre i nedkøyringa til mødalstrekket.



Fredagskvelden vart det ein tur rett øve dusgjel på nordsida av Kvamskogen. Kjempeflott solenedgang i litt vind. Godt fø både kropp og sjel :-)





Laurdagen va da tid for å ta turen so vart avbroten fø rundt fjorten dagar sidan (då på grunn av jobb). Tidleg starta eg frå min faste plass ved ungdomsheimen. Grisekaldt va da, men deilig å ve på tur. To timar og femten minutt seinare sto eg på toppen og kunne nyta ein av kvam, fusa og samnanger sine finaste utsikter - heilt åleina. Eit iskaldt skjorteskift i samnanger og eg kunne nyta utsikten i kvam - men maten fekk venta te eg kom te fusa - da blas friskt på toppen. Øvst : mot nordaust - Fotasperr, Fuglen, Geitafjell, Torefjell... I midten : Movatnet. Nederst : Øvre hålandsdalen. Vegen nedatt var befengt med alt for mange bergensarar (bla. ein i strikkagensar, utan noko form for bagasje(med unntak av pondusen) so lurte på om da blas på toppen...) Itte såta gjekk turen om Breidarusti og foreløpig ny fartsrekord på ski målt av gps'en med 62km i timen. Fekk sikkert nokre hyttande nevar itte meg, men...da drit eg i.



På sundagen va planen geitafjell, men litt dårleg hugs og dårleg berekning av tidsbruk og dårleg vegval gjorde at da vart med ein tur opp klypet til Myklavatn. Kanskje lika greit sidan det nok blas på toppane, mens på vatnet va da blikkstille og påskevarmt. Og knapt ei sjel. So leit.