mandag, mars 13, 2006

Fø ei skiveka

Veret har vore fantastisk i da sista. Kvamskogen fekk nokre etterlengta centimeter med pudder. Deilege kalde dagar og elles nydele ver har gjort at interessa for å gå på jobb ha vå rimeleg liten.



Torsdagskveld. Litt øve toppen på mødalstrekket. I da fjerna e sole nesten heilt ferdig fø dagen, mens lysa i Eikedalen nett ha begynt jobben. Eg og Magnar fekk oss ein fin tur i kveldsmørket med nydeleg pudderføre i nedkøyringa til mødalstrekket.



Fredagskvelden vart det ein tur rett øve dusgjel på nordsida av Kvamskogen. Kjempeflott solenedgang i litt vind. Godt fø både kropp og sjel :-)





Laurdagen va da tid for å ta turen so vart avbroten fø rundt fjorten dagar sidan (då på grunn av jobb). Tidleg starta eg frå min faste plass ved ungdomsheimen. Grisekaldt va da, men deilig å ve på tur. To timar og femten minutt seinare sto eg på toppen og kunne nyta ein av kvam, fusa og samnanger sine finaste utsikter - heilt åleina. Eit iskaldt skjorteskift i samnanger og eg kunne nyta utsikten i kvam - men maten fekk venta te eg kom te fusa - da blas friskt på toppen. Øvst : mot nordaust - Fotasperr, Fuglen, Geitafjell, Torefjell... I midten : Movatnet. Nederst : Øvre hålandsdalen. Vegen nedatt var befengt med alt for mange bergensarar (bla. ein i strikkagensar, utan noko form for bagasje(med unntak av pondusen) so lurte på om da blas på toppen...) Itte såta gjekk turen om Breidarusti og foreløpig ny fartsrekord på ski målt av gps'en med 62km i timen. Fekk sikkert nokre hyttande nevar itte meg, men...da drit eg i.



På sundagen va planen geitafjell, men litt dårleg hugs og dårleg berekning av tidsbruk og dårleg vegval gjorde at da vart med ein tur opp klypet til Myklavatn. Kanskje lika greit sidan det nok blas på toppane, mens på vatnet va da blikkstille og påskevarmt. Og knapt ei sjel. So leit.

1 kommentar:

Anonym sa...

er litt misunnleg........