

Pappen har sagt at Jarand ikkje skal få røra ei datamaskin før han er 18... men kva skjer når pappen går på jobb... då får Jarand lov av mammo... Jarand likar veldig godt å skriva og har sendt ei rekkje uforståelege meldingar på msn...
Velkommen til Astrid, Kjell Inge, Jarand og Mari sin blogg!!!
Madrugada spelte i råkka omgivelsar i Grieghallen, Bergen i går kveld. Og dei leverte varene på ein svært tilfredstillande måte. Ane Brun var erstatta av lokale Nathalie Nordnes og da gjekk jo bra da. Jækla morro å endeleg få med seg Madrugada live.

Arne og gjengen gler seg til kakene:-)
Jubilanten med og i grøn gensar. Kaka heiter faktisk grøn gensar... og smakar veldig godt!
Jarand ventar på at besto skal pakka opp gåvene sine, så han kan overta det fine innpakningspapiret.

Den aller yngste deltakaren turde ikkje menga seg blandt gutta boyz. Jarand og Sigurd koste seg. Litt iallefall. Trur eg.
Vesoldo slikkar dei siste solstrålane.
Norheimsund ligg i skuggen der det høyrer heime. Og snart er det slutt på sola på Folgefonna òg.
Jarand var i går for fyrste gong ute og solte seg. I splitter nye baby-banz (dei heiter det, heilt sant) Det var varmt i liabrekka, og ei isoporplate vart underlag for solingsforsøket - for snøen ligg endå.
Mens Jarand slikka sol, dytta foreldra han i seg BigOne. Årets fyrste ute-middag.

Torsdagskveld. Litt øve toppen på mødalstrekket. I da fjerna e sole nesten heilt ferdig fø dagen, mens lysa i Eikedalen nett ha begynt jobben. Eg og Magnar fekk oss ein fin tur i kveldsmørket med nydeleg pudderføre i nedkøyringa til mødalstrekket.
Fredagskvelden vart det ein tur rett øve dusgjel på nordsida av Kvamskogen. Kjempeflott solenedgang i litt vind. Godt fø både kropp og sjel :-)

Laurdagen va da tid for å ta turen so vart avbroten fø rundt fjorten dagar sidan (då på grunn av jobb). Tidleg starta eg frå min faste plass ved ungdomsheimen. Grisekaldt va da, men deilig å ve på tur. To timar og femten minutt seinare sto eg på toppen og kunne nyta ein av kvam, fusa og samnanger sine finaste utsikter - heilt åleina. Eit iskaldt skjorteskift i samnanger og eg kunne nyta utsikten i kvam - men maten fekk venta te eg kom te fusa - da blas friskt på toppen. Øvst : mot nordaust - Fotasperr, Fuglen, Geitafjell, Torefjell... I midten : Movatnet. Nederst : Øvre hålandsdalen. Vegen nedatt var befengt med alt for mange bergensarar (bla. ein i strikkagensar, utan noko form for bagasje(med unntak av pondusen) so lurte på om da blas på toppen...) Itte såta gjekk turen om Breidarusti og foreløpig ny fartsrekord på ski målt av gps'en med 62km i timen. Fekk sikkert nokre hyttande nevar itte meg, men...da drit eg i.
På sundagen va planen geitafjell, men litt dårleg hugs og dårleg berekning av tidsbruk og dårleg vegval gjorde at da vart med ein tur opp klypet til Myklavatn. Kanskje lika greit sidan det nok blas på toppane, mens på vatnet va da blikkstille og påskevarmt. Og knapt ei sjel. So leit.