I snart to år har eg og Magnar snakka om ein tur te Horongane (Hurrungane) i vest Jotunheimen. Magnar elskar Horongane og eg vakje nett fråstøytt av tanken på ein tur dit eg heller. Horongane byr på da flottaste me har her i landet av skikkeleg høge fjell. 37 2000 meter toppar er samla på eit område der avstanden mellom austlegaste og vestlegaste topp er 7 km.

Itte å ha fylgt nøye med på vermeldingane heile førre veka, reiste me i retning Årdal rett itte jobb og skule på fredag. Eg plukka opp Magnar på Voss og halv ni var me i gong med å setja opp teltet nokre hundre meter etter bomstasjonen på
Tindevegen(Ein av Noregs flottaste vegar). Mørket kom fort og det var godt å komma i hus. Klokka vart sett på sju, og me la oss te å sova rundt midnatt itte itte nøye bibelstudie
(Norges fjelltopper over 2000 meter).
Klokka ringde men ingen sto opp. Ein time seinare begynte det å bli liv i leiren. Veret var ikkje slik me håpa, men me bestemte oss for å gå i veg mot Vestre Austanbottentind(2100moh). Klokka halv ti hadde me pakka sekkane og gjort oss klare for avgang. Ingen alpin start akkurat.

Frukosten vart innteken i teltet. Litt småregn og kaldt og surt ver elles gjorde at da ikkje frista å sitja ute. Kakaovatnet e snart ferdig, heldigvis.

Vestre Austanbottentinden (V1) vart nådd itte to-tre timar. Ingen store problem sjølv om snøen sovidt hadde innteke toppen. Utsikten var det dårleg med. Skodde over alt. Eller var me egentlig i skyene ?

Me kom ned att til teltet litt øve to. Litt tidleg å ta kvelden - so kvifor ikkje ta ein topp te ? Me var svolte på meir fjell. Store Soleibotntind(2083moh) gøymde seg i skodde havet nokre kilometer nærare Turtagrø. Me gjekk avgårde frå parkeringsplassen der stien til Store Soleibotntind og Lauvnostinden begynnar. Me klarte å ta feil sti og var på full fart mot Lauvnostinden. Heldigvis klarte me å korigera kursen før da var for seint og feilen kosta oss ikkje meir enn ein pitteliten kilometer, som bonus fekk me sjå meir natur.

Itte blytunge høgdemeter på rumlande mage nådde me toppen rundt fem. Brød med prim har vel skjelden smakt betre. Utsikten frå denne toppen var like dårleg som på den fyrste.

Magnar poserer med eit brevaten i bakgrunnen under toppen på Store Soleibotntind.

Noko slitne, itte 18km og 1800 meter opp og 1800 meter ned kunne me setja oss i bilen i halv sju tida. Me køyrde mot Turtagrø for å sjå på neste dags mål - Nordre Skagastølstind, og fekk ein fantasitisk utsikt mot Skagastølstindane med melis og ein dæsj sol på. Vakkert.

Søndagen kom, og me kom oss opp i nokonlunde fornuftig tid. Litt øve ni hadde me pakka telt og anna skrammel i bilen og reist til Skagastølen, like ved Turtagrø. Veret var fint, men skodda var veldig att og fram. Mykje flott å sjå på vegen inn Skagastølsbotnen.

Skagastølstindane visar seg i skodda av og til. Lengst til venstre var dagens mål, Nordre Skagastølstind(2167moh).

LItt oppi steinrøysa ante me at noko stort var på gong. Skagastølsryggen viste seg i all si prakt.

Toppen er nådd. Verken bilde eller ord kan beskriva opplevelsen av å stå på toppen og sjå alle toppane mellom Gjertvasstind og Store skagastølstind dekte med eit nydeleg lag snø, belyst av sol der dei stakk opp av skodda. Kan leva lenge på detta....

Gjertvasstind heilt til venstre i bildet - Styggedalsryggen fortset frå den mot høgre.

Utsikt mot der me var dagen før. Piggen som stikk lengst opp lengst bak i midten er Store Austanbotntind. Dyrhaugsryggen framfor og Midtmaradalstind til venstre. Alt det kvite i mellom er skyer. Me er høgare enn (ka :-) himmelen.

Ein av mine største naturopplevingar og ein topptur eg aldri kjem til å gløyma.

Trur denna karen va fornøyd og.

Gjertvasstind og Styggedalstind frå like under Nordre Skagastølstind.

Nede att i halv fire tida, og på veg heim var veret vorte strålande. Toppane frå laurdagen låg bada i sol og med berre blå himmel rundt. Da e mulig utsikten hadde vore betre, men me var trøytte og eg måtte heim te kåna og unge og Magnar skulle gjera tyskleksa si før mandag.
To heile brød, ein pakke prim, ein ovnsbakt leverposti, to boksar spagetti ala capri, åtte posar rett i koppen kakao ein halv kilo chips og tre flaske brus.
30 kilometer - 3000 meter opp - 3000 meter ned. Trukje da blir siste turen til Horongane.
Mykje vil ha meir.