fredag, november 17, 2006

Smalahovemiddag

På laurdag va da på tie med litt smale te middag. Fekk ikkje lagt mine klamme hende på håvene i år, so da e Magnar og skjeggen so stod fø sviinge og Ivar Løne fø råvarene. Håpar maten smakte og at gjestene hadde da bra.

Klokka halv fira va da sengetid, og då va da detta utsikten frå soveromsglaset.

Made for walking

Jarand nyttar oftare og oftare høvet til å gå på to i staden for fira. Og da e jo morro. Litt full mann følelse e da jo, då, men da blir stadig bedre.










lørdag, november 11, 2006

Frisøren i Ålvik

Far te Jarand har vore te frisør ein gong i livet sitt. Nokon ve kanskje påstå at da visa. Isofall ska de få med Jarand si bestemor å gjera. Frisøren går iallefall i arv. Jarand har får på bildet sin fyste klypp av familiefrisør Solfrid.



På veg heimatt måtte me stoppa på bosstippen for å ta bilete av Ålvik. Morro å kunna bruka lange lukkartider. 13 sekundar f.eks...

Tobias, Camilla og Geir

Onsdag vart me invitert på bollar og kakao hjå Tobias i Øystese. Me ekje vanskeleg å be, med da på menyen.


Geir og Tobias. Tobias e han vetle.


Muleg Jarand sa noko artig...muleg Jarand ser artig ut. Da e da berre Isak so veit...


Øystese by night.

fredag, november 10, 2006

Torefjellsflyane

Mens eg og Jarand var på Såta hadde Svein Egil føreslått ein ittemiddagstur på msn. Og eg va vel ikkje so vanskeleg å be - so eg plukka han opp ca fire i Norheimsund og me køyrde til Sjusete. Planen var oprinneleg Krok, men sidan da vert fort mørkt om hausten gjekk me heller på Torefjellsflyane.Svein Egil nyt utsikten over Øystese med selskap av månen. Like under flyane.


Mot Vikøy...

onsdag, november 08, 2006

Såta

Onsdag i førre veka var det alt for fint ver te å vera inne. Rekordtidleg te oss å ve la me ut frå parkeringa i botnen av Mødalsvegen på Kvamskogen. Gjekk fort opp Mødalsvegen til Mødalen elle Negerlandsbyen so ha egentlig heite. Frå Negerlandsbyen gjekk da god sti heilt te Såta. Ein del is var da enkelte plassar men ikkje noko stort problem å gå utanom (elle øve).


Såta e dan vesle pyramiden litt til venstre i bildet. Gråskorvenuten e fjedlet te høgre.

Svartatjødn like under Såta.

Svartatjødn i skuggen. I horisonten e fjedli på nordsida av Kvamskogen. Frå venstre Byrkjefjell, Såta/Iendafjellet, Fuglafjell, Fotasperrnuten og Botnanuten.

Utsikten frå foten av "Stueveggen" elle noko sånt. Varaldsøy stikke fram i fjorden nærast - bak ligg dei lekre fjedli i Kvinherad so eg lyt besøka snart.

Dette er vel faktisk Jarand sitt fyrste møte med snø anna enn i bilsetet på veg inn eller ut av bilen. Jarand hadde ein tung tur denna dagen, fø rett før me snudde byrja det so smått å blåsa frå nord slik at me fekk kald vind midt i trynet heile vegen nedatt. Jarand likar ikkje vind og endå mindre kald vind. Og aller minst vind i trynet. So mykje av turen nedatt bar eg han i armane. Jammen godt da ikkje va meir enn fem kilometer.

lørdag, november 04, 2006

Arne 75 år!

Gratulerer så mykje!!! Forrige laurdag feira Arne bursdagen sin saman med vennar og slekt.Jubilenten feira i Bygdaheimen med nydeleg mat laga til av Atle Reknes.Smiiiiiiiiiil til fotografen! Det er gøy å leika med dei store!! Jarand og Mina og Kasperog/eller... Tobias og/eller... Oskar.

Synd det ikkje var lyd i mikrofonen og publikum i salen, for desse karane rocka!!!

Kaker er godt, kaker er livretten til jubilanten:-)

Me ga Jarand ein bolle med vaniljekrem inni. På null komma niks var bollen vekke. Me leita på golvet, men bollen var ikkje der;-) Nokon har appetitt på bollar:-)


Jarand storkoste seg i bursdagsfeiringa og humøret var på topp fleire timar etter vanleg leggetid.

Bytur

Fredag i forrige veke var eg, Jarand og Magnar på tur til Sotra og Landås. Eg skal få tilpassa brudekjolen min og var på Sotra for at skreddaren fekk sjå kor ho skal sy. Toril Elin og Isak møtte oss på Belle Amie. Dei godkjende kjolen eg har valgt ut:-)

Eg "kjøpte" Magnar til å passa Jarand medan eg var på salongen. Magnar hadde Operasjon dagsverk. Eg fekk til og med avslag på prisen, for han skulle gjera noko arbeid for Inge og Solfrid når han kom heim:-)



Når me først var i byn, nytta me sjansen til å besøka Tormod og Line.
Jarand sjekka ut alle dei nye platene til onkel Tormod.
... og så hjalp han Line og Tormod med middagen.

Tormod har ikkje ein einaste stol som det går an å tjora Jarand sin sele fast til! Jarand synst det var stas å sitja i sofaen saman med onkelen sin:-)

torsdag, november 02, 2006

Kakemann er godt!

Jarand likar det meste me gjer han, men kakemann det var ekstra godt! Han heldt godt tak i kakemannen sin, så ingen skulle ta den ifrå han:-)

Klodens vakraste stad

Bildet er heilt ulovleg klippa frå db.no

Den siste veka har avisene strødd om seg med saker om at Geiranger- og Nærøyfjorden er klodens vakraste stader.

Ikkje akkurat ein nyheit. Dette har me vore klar over lenge.

onsdag, november 01, 2006

25. Oktober - Bjørkeveten

Mellom brødbaking og tur til Voss vart bestemor til Jarand jaga ut for å vera med oss på Bjørkeveten. Me køyrde til Fykse og plukka ho opp der, og fortsette til Bjørke. Derfrå er det ein fin lettgått tur på veg til Nyasete og vidare på sti inn til Bjørkeveten.

Utsikten frå Nyasete ekje verst dan...

Jarand og bestemor hans framfor den svære varden på Bjørkeveten. Rosinbollar var so vanleg nista :-)

søndag, oktober 29, 2006

24 oktober - huskestue


Klokka tre var Jarand lei av å vera inne, og me måtte ut. Itte å ha prøvd den ikkje heilt trygge(vert fort hengande opp ned) huska me har lånt av Stian og Malene, krabba han rundt og såg seg om i nabolaget.

23 oktober - Kjepso

Mandag vart da tur te Kjepso frå Vetletveit. Me gjekk om Kjepsoåsen på veg til Kjepso. Bestemor hadde friveke, og var med. Etter turen fekk me fiskebollar til middag.

Jarand og bestemor på Kjepsoåsen, ein av postane i Ålviktrimmen. Ålviktrimmen er avslutta for i år, men me fekk poeng likevel sidan me henta inn boka. Jarand har derfor 32 poeng.


Han hakje da so gale, trur eg.

Hardangerfjorden og Oksen frå ca. Kjepso. Hausten e ei fin tid, når veret er slik som her.

onsdag, oktober 25, 2006

Snop

Me var i Bergen på laurdag. Og da e jo faen te plass, so me trengte trøst - me handla og tusenlappane forsvann.

Nytt digitalt kompaktkamera - Sony W30 - ein liten lekker sak.
Eit digitalt speilreflekskamera av typen Nikon D50 - ein stor lekker sak - vart da og.

So no skal da jaggu bli teke bilde av alt og adle, og bestefar kunne endeleg få att kameraet sitt.

Og når me kom heim låg jammen Fire-DVD boksen Live8 i postkassen...

tirsdag, oktober 24, 2006

Nestan te Dampen

Sundag 15. oktober, itte ein fin tur frå Breidalen til Bakka med folk frå Kvam, vart det tur for å leita itte geitebukkar i den jækla bratte fjellsida innanfor Bakka. Fekk sjå stader eg berre har høyrt navna på tidlegare. Da va kjekt. Me tok oss opp i nesten 600moh før me snudde nedatt. Desverre utan å ha sitt noko som helst til bukkane.


Svein ordnar eit tau slik at me kan ta oss over nokre sva heilt trygt i Holten.

Svein fortel om turen han og bestefar min hadde frå Gudvangen og utover fjellsida.


Mellom storskreao og høgskreao ser me nesten Bakka att.


I Holten stuper elva via nokre hyller fleire hundre meter nesten rett ned.