onsdag, november 08, 2006

Såta

Onsdag i førre veka var det alt for fint ver te å vera inne. Rekordtidleg te oss å ve la me ut frå parkeringa i botnen av Mødalsvegen på Kvamskogen. Gjekk fort opp Mødalsvegen til Mødalen elle Negerlandsbyen so ha egentlig heite. Frå Negerlandsbyen gjekk da god sti heilt te Såta. Ein del is var da enkelte plassar men ikkje noko stort problem å gå utanom (elle øve).


Såta e dan vesle pyramiden litt til venstre i bildet. Gråskorvenuten e fjedlet te høgre.

Svartatjødn like under Såta.

Svartatjødn i skuggen. I horisonten e fjedli på nordsida av Kvamskogen. Frå venstre Byrkjefjell, Såta/Iendafjellet, Fuglafjell, Fotasperrnuten og Botnanuten.

Utsikten frå foten av "Stueveggen" elle noko sånt. Varaldsøy stikke fram i fjorden nærast - bak ligg dei lekre fjedli i Kvinherad so eg lyt besøka snart.

Dette er vel faktisk Jarand sitt fyrste møte med snø anna enn i bilsetet på veg inn eller ut av bilen. Jarand hadde ein tung tur denna dagen, fø rett før me snudde byrja det so smått å blåsa frå nord slik at me fekk kald vind midt i trynet heile vegen nedatt. Jarand likar ikkje vind og endå mindre kald vind. Og aller minst vind i trynet. So mykje av turen nedatt bar eg han i armane. Jammen godt da ikkje va meir enn fem kilometer.

Ingen kommentarer: