søndag, januar 28, 2007

Første møte:-)

16. januar var eg på besøk til Silje og familien hennar. Silje og Lars Ottar fekk ei jente ein halvtime før 2006 tok slutt. Gratulerer så mykje med veslejenta!!!!! Alle jentene i familien inkludert dokka til Thea Malin:-)
Til og med storesøstre må gjera daglegsagse ting som å eta kvelds.

Barnehage

Jarand har begynt i barnehagen. Da har gått veldig bra. Egentlig. Far og mor hans måtte vera med ein dag kvar te å begynna med. Kjempekjekt. Eeeh. Ny vikar ? Neeeeei ikkje akkurat da, nei..

Men iallefall. Han ser ut te å kosa seg, og dei so jobba dar ser ut til å vera kjekke folk, sjølv om dei ikkje hadde fått låna bilen min.
Kjekt at han e glad når han vert henta, og kjekt at han ikkje har lyst at me ska reisa når me levera.

Barnehagen har jo sjølvsagt eit pedagogisk opplegg, so eg gleda meg te å sjå fruktene av. I januar skulle dei læra seg å observera og undra seg over ting so skjer i naturen. Kor e mauren blitt av ? Kor e marken blitt av ? Mogleg at me har drete oss fullstendig ut når me ikkje brukte sommaren på å læra Jarand ka so e mark og ka so e maur, men å ta igjen da tapta, da e eg sikker på at barnehagen berre ser på so ei ekstra utfordring. Lykke te.


Da e 3. januar. Jarand sin fyrste dag i barnehagen, teke med mobil-med-kamera-liksom-nokia-N70

lørdag, januar 20, 2007

Nyttårsfeiring

Me reiste te Bakka fredag før nyttår, med planar om å bli der til det nye året hadde begynt. Me fekk selskap av Mai Lisbet berre minuttar etter me hadde komme, og bestemor Solfrid, bestefar Inge og onkel Magnar og iløpet av kvelden.

På nyttårsafta samla dei fleste av dei so va på Bakka seg i det gamle skulehuset. Hadde med litt mat kvar, og alle delte broderleg med kvarandre. So vart da rakettar. Mykje fint å sjå. Me spanderte heile ti kroner på stjerneskot me alder brukte. Snyltarar. Itte rakettane hadde plutseleg Svein bursdag, so festen fortsette i skulehuset med kake. Jarand låg på kjøkkenet og sov. Te halvfira. Då reiste me heim.

Takk fø laje.

Astrid hadde laga Ostekake. Ho va faktisk etande.


Dessa to hadde ein eigen loftsfest.

Vart mykje rare bilde frå fyrverkeriet med nytt og i den samanhengen ukjent kamera. Dessutan regna da. Men. God nytt år iallefall!

Come to daddy liksom.....Tvilsom type :-)


Bursdagsbarnet te venstre. Medaljen han har rundt halsen e fordi han fekk tittelen verdens beste far - eller Worlds Best DAD som da vel stod på medaljen. So då har me andre noko å jobba mot.

Torefjell

Mens mor stelte heima, lagde klart te middag te 11 stykke elle noko sån og ikkje minst prøvde å få varme i huset til gjestene kom, stakk eg te Torefjell. Vakje eg so hadde invitert :-)

Ein nydeleg dag å gå på torefjell i. Da vart på beina, då skiføret stort sett va dårle heilt til topps.

Nedatt kunne eg nyta skaren, og sigla eit par hundre høgdemeter på rævva. Meir eller mindre kontrollert..da va morro.

Det byrja å bli lange skuggar...

Bak Torefjell med Myklavatn te venstre og Fuglafjell rett fram.

På veg nedatt var sola i ferd med å gje seg fø dagen.

lørdag, januar 13, 2007

4. juledag, middag i Liabrekko


Me inviterte alle onklane og besteforeldra til Jarand på den kjente julemiddagen taco... 4. juledag. Jarand likar godt taco, for då kan han eta masse mais. Nam! Han var allermest interessert i ølflaskene til far sin...

Til kaffien var det pepperkaker, sirupssnippar, julebrød med brunost og så knuste me pepperkakehuset.

Tormod tok masse bilete med kamera vårt.


3. juledag var me i symjehallen

Etterlysing: Har nokon sett redningsvesten til Jarand? No har eg leita gjennom huset fleire gongar. Den er mest sansynleg oppi redningsvestposen saman med ein blå baby-bjørnsele. Redninsvesten var sist sett på Bakka i sommarferien, men den er ikkje der no... De fekk ikkje med dåke ein redninsvest for mykje til Askøy, Torbjørn og Synnøve? Me prøver å tenkja ut alle mogelege plassar den kan vera;-)
Jarand elskar normalt å bada, men har var litt usikker på konseptet når han ikkje kjente botnen av bassenget... Det blei litt mykje vatn for stakkaren!!! Me får prøva fleire gongar og sjå om entusiasmen kjem etter kvart.



Kjell Inge og Magnar måtte berre kappsymja litt;-)

2. juledag forflytta me oss til Ålvik

Me blei slått i brettspel-versjonen av "Vil du bli milionær"... Inge vant 2 millionar, men måtte levera dei tilbake når spelet var slutt...;-)

Kjell Inge fekk fjernkontroll til kamera til jul, så han sat i sofaen og fotograferte:-)

torsdag, januar 11, 2007

lørdag, januar 06, 2007

Jolaftan 2006

Jola 2006 skulle feirast på Holmefjord. Jola e jo so Kjell Magne sa øve når pakkane e åpna på jolaftan.

Me tok da relativt roleg søndagsmorgonen, fekk stappa bilen og takboksen latterleg full av jolapakkar. Inni oss gliste me frå øyra te øyra og gleda oss te kvelden, utanpå lata me so at da va "off so mykje pakkar" og stress og faen da går ikkje inni bilen og....

Sidan me trur me e av dan heller spreke sorten so stoppa med på vegen for gå tur. Og sidan snøen aldri kjem kunne me køyra til Va i Altasetradalen, darfrå gjekk me nesten te Ådlandssetra - i fint ver. Itte turen fekk me ei utfordring med å få vogna innatt i bilen, sidan dan hadde lege strategisk te i botn av bagasjerommet og bilen framstod nett lika fodle utan vogna so med vogna. Men da gjekk seg te, og både me, vogna og pakkane kom heile te Søregarden 14, Holmefjord.

Eg lot meg lett overbevisa om at Jarand ikkje trengte å vera med i Bygdaheimen for å høyra om dan egenlige meiniga med jula (jaggu) - sidan det innebar at eg og hadde ein glimrande unnskyldning for å finna på noko anna. I halvannan time trava me rundt på øvre delar av Holmefjord for å finna noko å ta bilete av. Da må vel kunna seiast at ein sovande Jarand i ei vogn var eit lite handicap fø fotografen.

Itte ein kvikk dusj va da klart fø mat. Pinnane smakte godt i år og. At nokon ete fisk(!) elle gris te jul e jaggu heilt uforståeleg.

So va da pakkar. Jarand var faktisk overaskande med på notene, og viste ein viss interesse fø dei største, harde pakkane, om han hadde hatt stor glede av besten si bilpolermaskin skakje eg sie noko om (guten storkosar seg jo med panne, so kanskje) - iallefall hadde han veldig lyst på dan store pakken før dan va opna. Elles fekk eg mykje fint. Trur eg gjekk i pluss. Høhø. Takk te alle glade givarar.

Ein gong mellom ni og ti var Jarand ferdig - og då var vel egentlig jula øve og sidan da brått vart slutt på pakkane.


Ein glad gut på tur te Ådlandsetra


Holmefjord på jolekvelden.

Jarand og mammo hans e ivrige på pakkane.

Jarand har fått sitt fyrste "instrument". Han likte da godt. Musikkpedagogen i familien var sjølvsagt gjevar.

Trehjulsykkelen frå da andra settet med besteforeldre vert nok og kjekk når han berre får ti centi te på sokkelesten. Da e best de køyre seint opp Liabrekko te sommaren.

søndag, desember 24, 2006

GOD JOL!

Årets jolatre. Ei slank fura frå Holmefjord måtte bøta med livet i år. Me ska jo sikkert vera heima oppte fleire timar denna jula, so juletre må me ha.


Årets peparkakehus. Svært store manglar i konstruksjonen, men me håpar at det står nokre dagar te. Estetisk e da kanskje heller ikkje heilt på topp, men budskapet e no klart so glasur - og eg e sikker på at da smaka som nonstop. Og litt seigmenn. Og da e godt.

God jol te adle saman!!!

fredag, desember 22, 2006

Jarand hjelper mor si med å rydda på biblioteket

Jarand synstest visst eg hadde misforstått meininga med bokkassen, så han sorterte bøkene på nytt for meg.

Fredag var den store julelunsj-dagen. Kjell Inge lunsja på rådhuset i Grove, medan eg og Jarand lunsja på kommunehuset på Tysse. Det var koseleg:-) Jarand rocka til musevisa, åt masse vaniljekrem og følgde etter Norveig som rista på ein boks med lodd til vinlotteriet.

Skålheim - Børve - Tolomarka

Torsdagen baud og på godt ver, men med skodda langt ned i liane. Me heldt oss derfor i lavare strøk og håpte på litt utsikt sjølv om me skulle gå i skogen - skogen i seg sjølv e jo dritakjedele.

Detta området e og turområdet til barnehagen Jarand skal gå i frå nyttår.

På Børve fekk me ikkje soverst utsikt, og me fekk sjå delar av golfbanen. For fyrste gong. Ikkjer verst berre da.


Driving rang'en elle ka pokker da heite, på golfbanen på Børve. Forøvrig : www.hardanger-gk.no


Utsikt over delar av banen. Sidan da snart e jol, og ein ska vera snild og grei, skal eg la ve å sei at må ve noko av dan mest meiningslausa arealbruken eg ha sitt...

torsdag, desember 21, 2006

Når snøen ikkje kjem til oss kjem me til snøen

Onsdagen kom, ittekvart, med godt ver. Ut på tur, med andre ord. Me prøvde oss på ein skogsveg på Rosseland. Jarand i bæremeis, og eg som bærar. Håpte egentlig å komma te Allkleiv, men da vart ikkje fullt so langt. Når me kom i bakkane over Rishaugmyri fekk Jarand kosa seg litt i snøen før me returnerte same vegen som me kom. Jarand var tidleg trøytt og sovna ittekvart.

Rosseland from above


Jarand i snøen


Norheimsund


Ein trøytt kar på Rosseland