torsdag, november 13, 2008

Ei lita dukke

Er det ikkje inn med små barnevogner for tida??? Me satsar på dukkevogn frå 1980-eit eller anna;-)

Onkel Tormod med dei to små

På mandag kom onkel Tormod på besøk. Det syntest Jarand var utruleg kjekt. Tormor, som Jarand seier er ny favorittonkel, sidan dei andre held seg så langt vekke;-)
Onkel Tormor var med på både koking av middag og køyring med bilar.
Han fekk lov til å halda vetlesøsto littegran før Jarand ville halda ho sjølv.




lørdag, november 08, 2008

Dag 2: Besøk

Jarand og adle besteforeldrene kom på besøk. Og Tormod og Line. Kjekt da!

Jarand hadde vore og handla ein pus til vetalsystao, men fann ut at han ikkje kunne gje den frå seg likavel, men han skal ha for at han prøvde. Elles gjekk møtet bra. Vert spanande å sjå fortsettelsen. Han må jo dela...

















Fyrste dag















tirsdag, oktober 28, 2008

Inneleik +++

Den utruleg fine utsikta vår i frå sova.... med haustens første snø i lufta.


Jarand likar veldig godt å leika med koppar og gryter og sånt for tida.
Kom ikkje så langt denne gongen;-)
Alle grytene må vera med ved frukostbordet.... Det tar tid å eta frukost når ein skal kokkelera så mykje samstundes!

Jarand likar å bli lesen for, men her blei det litt skummelt...


Jarand smiler når kamera kjem fram:-) Eg skulle ta bilete av det nye furteuttrykket han har lagt seg til....Jarand og Tigeren et eple og leikar Bjørnen sover, eller Bøønen sover som Jarand syng. Det var synd at det skumle "bønen" ikkje vakna før filmen var over, eg får prøva igjen ein annan gong;-)

mandag, oktober 20, 2008

Tur på Sjusete

Sjølv om det ikkje var snø, men derimot regna tok me oss ein tur på Sjusete ein søndag i september. Det var litt artig å sjå korleis terrenget ser ut utan snø.

Etter ei stund gjekk det ikkje an å bestikka Jarand med sjokoladekjeks lenger, guten ville ikkje gå meir sjølv...


Besøk på Askøy

Torbjørn tok oss med til Herdla. Der var det friskt! Det blas godt, men me var no kledd for det:-) Bortsett frå Kjell Inge då som hadde lagt fleecejakka igjen i bilen... Synnøve hadde pakka masse god niste til oss, så me koste oss:-)
Dei med korte bein ville ikkje gå heile vegen sjølv... Eg syntest det var heilt topp når dei små gjekk sjølv, for då klarte eg å halda følgje og;-)
Kjell Inge og Torbjørn fiska.
Jarand og Julia leika på i den fine sanden.Torbjørn fekk to fiskar. Den eine var ein sjøaure:-) Han likar ikkje fisk, så han slapp dei ut att... "Laga meir fisk" sa Jarand då. Kjell Inge fekk nokre prakfulle tangklyser...


Jarand og Julia likte òg å kasta stein i sjøen.

Jarand og Julia

På tur tilbake til bilen. Me skulle teke bilete av oss i baksetet, for eg sat mellom bilseta til Jarand og Julia;-)

søndag, oktober 19, 2008

Smalahåvesviing


Smalahåvesviing i kjellaren til Kjell Magne

Inge svir hovud på bålet


Kjell Inge fjernar restar av ull.
Kjell Magne sjekkar om alt står bra til i kjellaren hans...
Jarand passar på frå gardingtrappa
Tigeren har bæsja på seg, så han må ha ny bleie....

Hovuda skal sagast i to...
Håndsagmasakren... denne mannen ser ikkje heilt god ut...



Inge vaskar hovud.
No ligg hovuda i salt og godgjer seg:-) Me gler oss til å smaka på dei!!!!