mandag, mars 23, 2009

Bading på hyttetur

Både Jarand og Mari er veldig glad i å bada. Me har teke med ein liten plastkasse til Bakka og jammen var det plass til begge to oppi den! Om ikkje nett god plass då.....

søndag, mars 22, 2009

Gabba Gabba HEY!

Ikkje akkurat kinaputtar dette her.
Skikkeleg godknall. Laurdagskvelden e liksom ikkje den samme utan...

Da e hardt å vera it-konsulent

Iallefall når ein skal gjera litt fysisk arbeid. Vårt fysiske arbeid består stort sett i å flytta fingrane to-tre cm rundt på eit tastatur.

Overgangen til vedsaging og anleggsarbeid vert då hard. Men da kjennes godt ittepå.

Eit halv dagsverk med motorsag fø underteikna. Trur eg klarte meg utan at eg direkte ødla noko. Ikkje verst berre da.
Boring og sprenging. Hyttetomtene skal ha avløp, og då må dei ha grøft. Og for å få grøft måtte da dynamitt og anolitt te.

Sjuk Jarand og rullande Mari

Jarand var sjuk for to veker sidan. Han hadde feber og var veldig forkjøla. Han var heime frå barnehagen og koste seg saman med meg og Mari. Det blei ein del film-sjåing den veka...
Jarand prøver å hindra Mari i å rulla. Fysisk motstand må til...
Å gje streng beskjed om at ho ikkje skal rulla hjelper ikkje. Eg anar ikkje heilt kvifor Jarand ikkje likar at Mari rullar. Det kan jo vera at han likar å veta kvar han har ho, slik at ho ikkje tar tinga hans...
Mari klør i tennene, så ho tygger i veg på leikane sine.


Mari ser barne-tv saman med Jarand. Det er gøy!!!

onsdag, mars 11, 2009

Bursdagsgutar - Hipp hurra!!!



22. februar blei Kjell Inge 31 år og Oddmund 28 år. Sidan Oddmund held seg på Sørlandet, så kunne me berre feira Kjell Inge. Om nokon tel etter, så er det ikkje 31 lys på kaka... me hadde ikkje så mange lys... men me har meir kake om nokon vil ha!!!

Vennar

Her har Mari fått besøk av Konrad. Det ser ut som om ho prøver å få kontrollen på han med å halda han i øyra... Konrad er guten til Sarah-Linn og James, født 5 veker etter Mari. Han har utruleg stileg hår!!! Godt Mari ikkje fekk tak i det;-)

torsdag, mars 05, 2009

Mari 4 mnd.

Tida går heilt ifrå oss. Mari er allereie blitt 4. mnd. gammal. Hendinga blei feira med ein skikkeleg forkjølelse.... Alle 4 har vore ganske snylta. Jarand var heime frå barnehagen i heile forrige veke. Mari er like blid sjølv om ho hostar og renn i nasa.
30. januar rulla ho frå magen til ryggen. Ho gjorde det eit par gongar etter det. Veka før ho fylte 4 mnd. oppdaga ho at det går an å rulla frå ryggen til magen, så no gjer ho det heile tida. Ho har gløymd at det går an å rulla andre vegen... Jarand synst at rulling er ein uting, så han gjer kva han kan for å stoppa ho. Verken streng stemma eller fysisk motstand stoppar Mari;-) Eg berre gler meg til Mari begynnar å krabba, då blir det travle tider for Jarand!!!


Kjell Inge sin snømann

Det måtte lagast ny snømann når snømannen til Amalie smelta. Gulrota er gjenbruk denne gongen. Jarand tok ein smakebete av gulrota for å sjekka at den var brukande enda...

Kjell Inge sin snømann blei ikkje like høg som Brattabøen sin då... men så brukte ikkje Kjell Inge stige når han laga sin;-)
To rare nissar...

Snømannen til Amalie


Del 4 - Akebakkerekord?





Del 3 Rumpeakebrettbane mellom garasjen og huset

Kjell Inge sin tur

Etterkvart kom det tunnellar i akebanen og.

Merkar ikkje mykje til trappetrinna neders med all denne snøen!! No er diverre ein del av snøen smelta vekk...
Jarand i farta


Min tur

Del 2 - Noko stort og skummelt kjem opp frå snøen

.. eller gummelt... som Jarand seier.



Snø i hagen - del 1

Mari og Jarand sit på ein snømann som nabojenta Amalie og ei venninne av ho lagar.

Jarand ville grava ned mor si... han fekk god hjelp av
far sin... Her skimtar ein ein ferdig snømann i bakgrunnen. Amalie var til og med heime og henta gulrot til nase. Me hadde berre gulrot i amerikansk blanding og det ville nok ikkje blitt like stilig...Etterpå var Jarand heilt eining i at me skulle grava ned pappen og.

torsdag, februar 19, 2009

Rikstelefonstasjonen - frå bt.no

Her finn de ein artikkel skrive av Ella Marie Brekke Vangsnes om rikstelefonstasjonar i Fusa. På bilete ser de oldemor mi Anna Marta Samnøen. Mannen hennar som har teke bilete:-) Oldemor mi døydde diverre når besto var liten.

Besto, Anna Magdele Ferkingstad tok over telefonstasjonen etter far sin i 1949. Telefonstasjonen var heime i huset dei budde i. Dette bilete er teke av mammo, så eg trur eg droppar å be Fusa folkebibliotek om lov til å bruka det, like før stasjonen stengte i 1980. Besto er ho som står på bilete. Meir info om bilete finn de her.