søndag, juni 14, 2009

Biletebevis

Eg skulle filma Mari som er blitt 7. mnd og som klarar å åla seg framover. Nokon syntest visst at Mari fekk litt vell mykje merksemd, så nokon kom og avslutta heile filminga. Den skuldige var ikkje så grei som han pleier å vera nett denne dagen...

Utandørs "fjernsynskjøkken"

6. juni gjekk me til Nipen. Referat frå turen dukkar forhåpentlegvis opp på fjellkjell-sidene. Me hadde pannekakerøre med på tur, så her kjem litt kokkelering. Nokon steiker pannekaker, minikokken kokar smokken sin, medan andre tar ansvar og et det som blir laga.

Grilling i Fitjadalen

Akkurat no er det litt dårleg med nye bilete, sidan me ikkje har kamera for tida... Speglrefleksen er på reperasjon og Jarand øydela det andre kamera....

Her er me på grilltur ein søndag der det både var sol og varmt. Vatnet kan ikkje nett kallast varmt då. Eg vassa så tærne nett rakk å bli våte, meir orka ikkje eg. Fleire av ungane kom seg uti. Det skal ikkje mykje til å vera tøffare enn meg!
Kjell Inge og Magnar
Mari likar å leika med bilar.
Mari synst det er kjekt å vera saman med Konrad.

Naomi. Jarand og eg. Jarand er imot konseptet shorts. Bukser skal gå heilt ned synst han. Sidan han nekta å ta på seg shorts gjekk han i berre trusa. Han måtte så klart ha langarma genser. Det er ikkje berre beina som skal tildekkast om han får bestemma.

Idyllisk:-)

tirsdag, juni 02, 2009

Kveldsmat

"Eg lika sånne, sånne hadde me på båttur, på Bakka". Eg er imponert over at Jarand hugsar at Besten kjøpte jordbær på Styvi på slutten av sommarferien i fjor!!!
MMMmm.... dette smakte godt! Førsteinntrykket av banan var ikkje så bra........

Mari beundrar bilete

Inge og Solfrid fekk bilete i bursdagsgåve frå Line, Tormod og Magnar. Mari låg ei god stund og studerte biletet:-)
Her blei ho litt distrahert av at eg skulle ta bilete av ho...

På Fløyen

15. mai eg, Mari og Jarand på Fløyen saman med Besto, Silje, Oda Linnea og Thea Malin eller Olanea, Malen og mammo deirans som Jarand seier. Nydeleg ver og mykje å klatra i/detta ned frå. Oda Linnea har i alle fall ikkje høgdeskrekk...! Det var sjølve turen med Fløybanen som gjorde størst inntrykk på Jarand.

Besto og Jarand
Silje, Oda Linnea og Thea Malin
Mari "klatra" og.

Æksjænbilete... Oda Linnea får litt trøst.
Oda Linnea
Besto og Mari

fredag, mai 29, 2009

Ann Kristin sin konfirmasjon:-)

Me var så heldige å bli invitert i konfirmasjon på Kyrkjebø:-)Konfirmantane samlast på kyrkjetrappa før gudstenesta.

Fotografering på kyrkjetrappa etterpå og. Det begynte å regna fælt, så då kom me oss vidare.
Magnar testa ut om det gjekk an å sova i hotellresepsjonen på Øren hotell.... Det gjekk, men ikkje så lenge...
Hatten til Kjell Inge blei litt våt. Den kom seg igjen etter å ha tørka.

Konfirmasjon - del 2

Mari hadde mange ho måtte snakka med. Her sit ho på fanget til Solveig og pratar med Line og Tormod.
Ann Kristin ønskjer velkommen til festmiddag.
Fleire som kler hatt!
Paparazziar var det og der...
Godt gøymd i gardinene....
Maaaaaaaaaange deilege kaker heime hos Gullbjørg & Co etterpå.

Ein kjole gulpa ut, klar for å gulpa på den neste...
Den varte jo lenge...

Konfirmasjon - del 3

Mari og Mai Lisbet
Det var så mange gode kaker, så her kjem meir kakebilete. "Ikkje ta alt då"... ville Jarand sagt.




Jarand er begynt å bli interessert i kakeeting.
Mari har fann eit skjørt som ikkje var gulpa på enda... bunadsskjørtet mitt eller Tante Sofies sitt... Kjell Inge prøvde å læra Stian og Malena at eg heitte Tante Sofie.

tirsdag, mai 26, 2009

Boblesåpa, eller såpebobler som dei fleste i familien kallar det

Denne vesle dragen blåser heldigvis berre såpebobler. Såpeboble-blåsing passar veldig godt saman med golvvasking sidan Jarand ikkje er like flink til å tenkja på korleis han held såpebehaldaren som han er til å blåsa bobler.


mandag, mai 25, 2009

Mari ristar på hovudet

Her går det rundt;-) Mari utforskar kva ho får til å gjera. Har vore oppe på alle fire nokre gongar, men skjønnar det ikkje heilt enda.

tirsdag, mai 12, 2009

1/2-årskontroll


Jarand ser litt redd ut på sitt bilete, han smilte stort sett når han var på den alderen han og heldigvis.

I dag var Mari på 1/2-årskontroll. Alt står berre bra til:-) Ho er ei aktiv lita jente, så ho ville gjerne hjelpa helsesøster med papirarbeidet i staden for å liggja fint på stellematta.
Dagens mål...
Vekt: 6830 gram
Lengde: 64,5 cm
Hovudomkrets: 43,5 cm

Mari ligg omtrent på gjennomsnittet når det gjeld vekt i høve til lengde, medan ho ligg to strekar under gjennomsnittet når det gjeld lengda. Ho har no ikkje så høge foreldre heller;-)
På forrige kontroll hadde ho berre lagt på seg 250 gram på ein månad. Etter den kontrollen begynte me med graut på kvelden. Mari brukar nok mykje energi sidan ho er så mykje i rørsle. Det virkar som om ho likar graut. Grauten viste igjen på vekta og. No hadde ho lagt på seg 550 gram på 3 veker.
Så var det den faste posten..
Til samanlikning:
Jarand, 1/2 år
Vekt: 8136 gram
Lengde: 67 cm
Hovudomkrets: 44,5 cm
Godt at det er litt forskjell på jente og gute.kurven, ellers hadde ein av dei vore veldig utanfor normalen;-) Jarand låg vell litt over gjennomsnittet på vekt i høve til lengda.

Astrid, nesten 1/2 år
Vekt: 7210 gram Lengde: 64,5cm Hovudomkrets: 43 cm
Eg var litt tyngre enn Mari, men så hadde eg fått graut i lange banar når eg var 1/2 år;-)
Kjell Inge
kjell Inge var 68cm og 7650g 12 dagar før han var eit halvt år
Kjell Inge var lengst, men ikkje størst - om han ikkje la på seg mykje på 12 dagar då:-)