lørdag, oktober 10, 2009
lørdag, september 12, 2009
tirsdag, september 08, 2009
Mari - 10 mnd.
om noko er på gang... ho tygger på alt ho kjem over;-) Jarand er veldig glad i ho, men det blir litt knuffing innimellom. Ho gjer grei beskjed om at ho ikkje vil bli heldt, men han tar sjeldan hintet;-) Ho kan og vera veldig bestemt om det er ting ho ikkje vil gje frå seg. Jarand treng stort sett dei fleste leikane Mari har funne seg. Mari er glad i mat. Ho vil ha det meste me gjer ho bortsett frå tran og fruktpure. 
Prøver å fanga figurane på barne-tv...
fredag, august 28, 2009
Bytur med Jarand
tirsdag, august 18, 2009
Hard veka
Det har vore ei hard veke for stakkars Jarand. På fredag hadde han fått Streptokokkinfeksjon og må ta tilsaman 20ml "penicillin" fordelt på tre dosar om dagen i heile ti dagar. Og da smaka skikkeleg dritt.
I dag måtte han trekka ein av dei store flotte framtennene sine. Noko han nok ikkje var heilt einig i skulle skje. Men ikkje so gale at da ikkje e godt for noko. No har han fått ein ny ting å leika med; ei kiste med ei ekta tann i.
lørdag, august 15, 2009
Ei lita oppdatering
Mari er passert 9 mnd. ferien er slutt og begge foreldra er tilbake på jobb og heime med ungane. Eg er på jobb mandag-onsdag og Kjell Inge er på jobb torsdag og fredag. Tida fram til jul kjem nok til å gå veldig fort!!! Eg likar meg veldig godt både heime og på jobb. Frå neste veke får eg og ei ny rolle. Eg skal ha ansvar for skulebiblioteket på ungdomsskulen i Samnanger dette skuleåret. Det blir spanande!
Jarand er begynt på utegruppa i barnehagen. Han syntest det var veldig trist når me skulle gå om morgonen den første veka. Andre veka sa han "Mamma, i dag skal eg ikkje grina når du går". Det gjorde han ikkje heller:-) Han må trivast veldig godt, for han har lyst å gå i barnehagen på fridagane sine og i helgene og. Han har heller ikkje tid til å bli med heim når han blir henta i barnehagen. Jarand er i barnehagen tirsdag, onsdag og torsdag.
I byrjinga av månaden var Mari på kontroll på helsestasjonen. Ho var då 67 cm lang og 7390 gram tung. Vesle, skjønne jenta vår! Blir nok babybilstolen ei stund til på ho;-) Ein må vera 9 kg for å bruka den neste stolen me har. Jarand skifta til den då han var 9 mnd. Han mistrivdes i babybilstolen.... Jarand var 70,5 cm og 9100 gram når han var 9 mnd. Han hadde 3 dobla fødselsvekta si han då. Mari har dobla fødselsvekta si;-) Vekt i høve til lengde er veldig fin for Mari, så ho er heilt som ho skal, berre litt kort:-)
Eg var 68 cm og 8500 gram når eg var 9 mnd.

På sykkeltur heilt til fossen og skulen;-)
Heime
onsdag, august 12, 2009
tirsdag, juli 14, 2009
Jarand og Mari
Mari er blitt 8 månadar og ei veke gammal. Ei veke før ho blei 8 månadar klarte ho å setja seg og på kne og deretter reisa seg opp når ho heldt seg i noko. No vil ho helst stå heile tida;-) Balansen blir betre for kvar dag, sjølv om den er langt i frå god enda... Det blir ein del knall og fall...
Jarand er verkeleg i "koffor-da"-alderen. Han spør om så mykje. Når me køyrer bil spør han alltid om kor lang tid det er igjen. "Å, ja!" seier han når me seier det er 10 eller 50 minuttar igjen. Eg veit ikkje om svara våre seier han så mykje enda;-) Han er blitt meir sosial, men og meir sjenert enn han har vore før. Foreldra og Mari er litt keisamt selskap innimellom, så han har veldig lyst ein tur i barnehagen. Barnehagen er diverre sommarstengt, så det går ikkje så bra. Det hjelper heldigvis å gå på besøk.
Abonner på:
Innlegg (Atom)