mandag, november 28, 2005

Då har me vore heima i eit døgn!



Det var godt å komma heim igjen! Sjølv om det var godt å ha ei snor å dra i når ein ikkje visste korleis ein skulle gjera ting, eller babyen ikkje ville slutta å grina om natta... Me blei tekne godt vare på på sjukehuset!

Me fekk skikkeleg velkomst når me kom heim og. Forelda mine kom før oss og fyrte i omnen, så det ikkje skulle vera så grisekaldt her.

Om nokon synst rumpa til babyen ser litt svær ut, så er den absolutt ikkje det. Han må gå med to bleier på grunn av at han låg så lenge i seteleie. Dei tok ultralydscanning av hoftene på sjukehuset og då var han i grenseland på målingane. Bleiene tvingar hoftene på betre tankar. Legen som undersøkte han ved avreise, syntest hoftene kjentes bra ut. Me håpar at alt ser bra ut på kontroll i januar.

2 kommentarer:

Turid sa...

De har fått ein skikkeleg skjønning i hus! Og så så stor han er blitt allerede!

Turid sa...

De har fått ein skikkeleg skjønning i hus! Og så så stor han er blitt allerede!