Mandag ca 1430 hadde Astrid ring sjukehuset og fått klarsignal te å komma i løpet av ettermiddagen. Ho meinte ikkje det hasta so veldig. Eg gjorde meg derfor ferdig på arbeid og reiste heim ein time seinare. Stappa i meg raspeballar under frustrert tilsyn frå ei fastande frue.
Me pakka litt og sette oss i bilen. Kvart på fem. Og da va då da starta. Før me passerte Straumen kom dei fyrste klynka, og før me passerte Børvenes vart volumet skrudd betrakteleg opp. Faen - da e jo rie jo. Og so ho sa : da sa pang og so begynte da å renna. Eg høyrde ikkje noko pang, men kan no lata so eg forstår.
Vatnet va gått.
Eg tenkte på bilseta (ja, riktig...)
Køyrestilen gjekk kjapt over frå nøytral til aktiv elle va da agressiv?
Riene kom stadig oftare. Da so va ti minutt i Øystese hadde vorte fire-fem minutt i Ålvik.
Me ringte sjukehuset og jordmor var veldig roleg og ønska oss velkommen. Om det ikkje roa riene te Astrid, så roa da iallefall nervene.
Me ankom sjukehuset på Voss klokko seks. Veret var fuktig men elles fint. Tss
Mens eg parkerte bilen hadde Astrid stupt inn i sofaen i respesjonen på sjukehuset, litt action for dama i buret ein mandagskveld. Ho virka ikkje veldig klar fø da :-)
I gangen før fødeavdelinga var Astrid liggjande å hyla so ein stukken gris. Seng vart henta og eit rom vart funne. Rier, blodprøvar, rier, gauling, osv.
Etter ein spinal (?) vart da gjort klart fø litt kutting. Eg sat bak teppet. Astrid virka ein smule bedugga. 18.47 kom da nokre gurgle lydar før ein smågretten kar på 46 cm kom fram frå bak teppet. Han vart fort blid igjen og har knapt vore vore høgrøysta(han må jo bli dan perfekte barnehageguten - "innestemme") itte på (bortsett frå då legen plaga han då...)
Etter vask og stell, ein kort visitt i pappa sine armar og på mamma sitt bryst vart han teken med til fødeavdelinga. Astrid vart sendt til intensiven(?) for oppvakning(?) .
Eg og detta vetla kreket fekk oss ei roleg stund på rommet på fødeavdelinga før me fekk audiens hjå dan nybakte mammo itte knappe to timar.
Me e glade begge to.
ps. ein liten ting - fø dei so tykkje "krek" e litt ufint - her e definisjonen frå nynorskordboka :
krek : 1. lite (hjelpelaust) dyr; krypdyr 2. hjelpelaust menneske
kan vel ikkje seiast meir presist....????
onsdag, november 23, 2005
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar