tirsdag, februar 14, 2006

Bakkanosi

Bakka har fantastiske fjell på alle kantar. Laurdag var det tid for å fullføra prosjektet frå forrige gong me var på Bakka. Sist var det slutt i Lyngskaret - denne gongen gjekk turen heilt til Bakkanosi. Klokka halv ti sette eg meg i bilen - knappe 10km, rundt 900 høgdemeter seinare stod eg på toppen og kunne nyte utsikten av Nærøyfjorden, Storebreen, Vindeggi, Syrdalsbreen - og jammen var ikkje Hurrungane nesten krystallklare å sjå i horisonten.
På veg ned kunne det fort vorte eit stygt uhell då kneet traff ein stein, men heldigvis gjekk det verst utover buksa. Litt dårlege snøforhold for å trena telemarkssvingane og tilskyande ver gjorde lyset flatt.
Itte knappe tre timar på tur kunne eg fornøyd setja meg i bilen og nyta rosinbollane som ikkje vart oppetne på turen.

Frå Bakkanosi - Breidskrenosi te venstre. Nærøyfjorden... Hurrungane e og med.

Bakkanosi 1398moh. Sjølvutløysar e morro :-)
Storebreen e dan markerte toppen i bakgrunnen. Syrdalsbreen lengre bak te venstre. Vindeggi (1100moh) rett øve dan vetle kløfti (Nærøyfjorden)

Slettedalen frå Lyngskardet mot Jordalen. Skyene kom fort og i høgden vart det skodde.

Ingen kommentarer: