torsdag, februar 23, 2006

På tur til Bergen



På tirsdag invaderte eg og Jarand heimen til Sigurd. Lurer på kva Sigurd tenkjer på bileta! Kanskje... "Mamma du har teke feil baby" og "Eg synst eg høyrer nokre rare lydar her..." eller kanskje han berre tenkjer "Er det ikkje mat snart..." Jarand koste seg på besøk. Han fekk til og med låna babygymmen til Sigurd. Det var gøy!

Før me var hos Turid og Sigurd, var me på Haukeland. Jarand var på hørselstest. Alt såg bra ut:-) Det tok litt tid før me kom i gong med testinga, for Jarand skulle sova under testen... Haha! Gjett om det var ein som var blid og glad og veldig vaken! Eg trilla rundt med vogna og vogga på vogna i nesten ein time før han var klar for testing;-)

Ingen kommentarer: