torsdag, mars 09, 2006

Tupperwareparty

På tirsdag var det tupperwareparty i Liabrekka. Turid og Sigurd og Elin og Jan Tore kom heilt i frå Bergen. Mammo tok turen i frå Holmefjord og Hans og Ragna Helene kom i frå Øystese. Sølvi Merete Gundersen frå tupperware heldt demonstrasjonen.
Pappen hadde gitt beskjed om at mammo ikkje skulle ha noko... Haha...
Jarand og Hans på fanget til Ragna Helene. Då dei to karane låg på teppe saman, blei Jarand så ivrig at han rulla ifrå ryggen til magen for første gong. Først rulla han over på sida for å sjå Hans betre, deretter vippa han rundt i eit forsøk på å få tak i smokken som datt ut av munnen;-)
Tupperwareparty betyr òg mat:-)

Kjell Inge sa at me ikkje skulle ha noko... Om han meinte det, burde han ikkje latt meg vera i stova utan tilsyn... Eg måtte berre bestilla nokre nyttige ting slik som salatslynge.

Kjell Inge og Jan Tore heldt seg på kontoret. Jarand var med på partyet ei god stund. Han syntest det var kjempegøy heilt til Hans heldt han i trøya... Må nok herdast om han skal bli ein tøff fotballspelar... På siste bileta har ei utmatta partyløve sovna på kontorgolvet:-)


Ingen kommentarer: