Dagen blei feira i Besten sitt kakelag. Besten blir 65 den 23. mai. Den eine kaka var pynta med bananskiver, slik at Jarand "fekk kaka" og.


Her er luringen vår, som til og med har fått presangar. Magnar kjøpte caps og me kjøpte redningsvest til han då me var på handel i Grove på laurdag.
På sjølvaste 17. mai begynte Jarand å prøva på å komma seg opp på alle fira. 19. mai klarte han det, men ramla fort ned att;-) Når han ligg på magen på golvet, snur han seg rundt for å sjå på det han vil. Han åler seg bakover på golvet, lenger og lenger vekk frå tinga han gjerne skulle hatt tak i;-)
I matvegen, så går det i brystmjølk. Me prøver å gje han tran, men det er lett å gløyma det... Han får smaka banan og grauttilvenninga er ikkje langt unna.
1 kommentar:
Hjelp og trøst! Tenk at du er blitt ein halvt år allerede! Gratulerer så masse med den store dagen og hels mammo og papen!
Legg inn en kommentar