torsdag, mai 25, 2006

Leve Ålvik, leve Ålvik, leve Ålvik

I Ålvik va da i dag demonstrasjon mot nedlegging av Bjølvefossen. Elkem ynskjer å flytta produksjonen til Island på grunn av prisen dei lyt betala for straumen etter at dagens avtalar går ut, iallefall e da da Elkem seie.

Det var bra med folk, rundt 600 seie bt.no. Tre av dei var frå Liabrekka14. Mine fyrste ærleg tente kroner fekk eg frå Bjølvefossen. Det skulle derfor berre mangla at me stillte opp.

Under ei bjørk, i ly for regnet høyrde me på Terje Kolbotn. So får tie visa om Jarand blir ein god sosialist av da.
Toget på veg tilbake til Folketshus frå Torget.
Meir om Ålvik 0g Bjølvefossen
www.hordaland.no
www.bt.no
www.vg.no
www.frifagbevegelse.no
Bløffet oss i valgkampen
Grådighetskultur

Ei god bok om Ålvik og Bjølvefossen får du på biblioteket

Ingen kommentarer: