onsdag, oktober 18, 2006

Ottanosi opp

Ottanosi (976) i Fusa har eg hatt lyst å bestiga lenge. Onsdag vart det tur. Møtte Astrid på Tysse itte jobb, og køyrde ho til Holmefjord. Ho hadde tigga seg middag hjå Silje og Jarand skulle vera med ho. Eg fortsette til Hålandsdalen og Ottanosi. Ein fantastisk dag å ve på tur. 10.Oktober og shorts heilt te topps. 2 timar itte bilen vart parkert var turen unnagjort. Bratt og litt vått underlag i periodar, men ein fin tur.

Ottanosi sett frå 740moh.

Frå Ottanosi med Gjønavatnet midt i bildet - Folgefonna i horisonten.


Ut mot havet. Ottanosi byr på utsikt so langt jordkrumminga tillet...

Bilde frå GoogleEarth. Tysse e tydeleg oppe te høgre. Vegen te Ottanosi e merka med blått.

RoboGEO byr på meir morro og integrerer bilete med gps og Google Earth. Har berre ein demoversjon av RoboGeo som med vilje plasserer bileta litt feil på kartet. Poenget er iallefall at RoboGEO kan skriva geografisk informasjon frå GPSen inni bildefilene (EXIF) slik at ein veit kor dei er teke. Programmet kan også eksportera til GoogleEarth format slik at bilda blir representerte med eit ikon som klikkast på slik at bildet kjem opp. Blir nok fram med kredittkortet her, ja..

Ingen kommentarer: