fredag, november 17, 2006

Bursdagsfeiring

Jarand sin første bursdagspressang og det første bursdagskortet.
På tirsdag blir Jarand 1 år. Me tjuvstarta feiringa med småbarnstreff i dag. Jarand fekk besøk av Astrid, Naomi Sofie, Tobias, Kevin og Isak. Dei respektive mødrene var og med:-) Asgaut var diverre sjuk, så han og mamma Silje måtte bli heime.

Astrid og Heidi kom først, så Jarand fekk si første bursdagsgåve frå dei:-) Heldiggrisen fekk kjempefine pressangar! Bilar, ei bok og badeleikar. Tuuuuuuusen takk:-)

Naomi Sofie er søt synst Jarand;-) Heile gjengen i stova. Det var til og med sol, så me måtte ha nede markisene.
Papir er interessant!


Jarand sover godt på dagen.... så han fekk ikkje med seg så mykje av selskapet sitt. Han tok imot gjestene, opna pakkane og åt pizza. Etter Pizzaen var det på tide med ein lur ute i vogna. Hovudpersonen sov så lenge at alle gjestane var gått når han vakna...
Førebuingar til festen. Jarand og pappen skal baka bollar og då må Jarand ha på seg forkle og kokkulua til mammo...

Ingen kommentarer: