I forrige veke var Jarand på 15. mnd. kontroll. Han veg no 10,8 kg og er 76 cm høg. Han følgjer som før kurvane sine fint. Han er kortare enn gjennomsnittet, men tar det igjen med å liggja litt over gjennomsnittet på vekta;-)
Jarand fekk vaksine mot meslingar, kusma og raude hundar. Han var tøff og grein ikkje, han blei berre litt irritert. Det straffar seg å vera tøff... for første gong fekk Jarand ein skikkeleg reaksjon på vaksinen han har fått. Jarand fekk feber ei veke etter vaksinen var sett. I helgja hangla han òg, då hadde han nok ei slags hurtiginfluensa. Før helga spydde han. Guten vår som har vore så frisk og rask, har med andre ord slete litt med forma i det siste. Han har vore trist og lei og veldig glad i smokken sin. Ja, ja, men får trøsta oss med at dei skal ha godt av å vera litt sjuke...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar