Han er og veldig glad i puslespela han fekk til jul. Tusen takk til May-Britt og gjengen og Vegard og Sigurd!!! Jarand plukkar opp bitar som mor hans må leggja på brettet... han er begynt å prøva å pusla sjølv òg. Mor hans er veldig glad når han får det til:-) Det er kjekt å sjå når Jarand har tolmod til å prøva å få ting til:-) Puslespela skal liggja i vindaugskarmen når han puslar. Når han er lei, kostar han alt ned på golvet;-)
Her utforskar Jarand togbanen. Eg fekk ein tunnell i hovudet sidan eg berre låg og slappa av og ikkje følgde med. Eg måtte då forstå at eg skulle setja tunnellen på plass at, sidan Jarand ikkje fekk det til;-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar