onsdag, april 25, 2007

Baking då straumen gjekk

Pizza er noko av det beste Jarand kan få til middag. 15. april skulle me laga pizza til Kjell Inge kom heim frå fjelltur. Akkurat då pizzaen var ferdiglaga, gjekk straumen... det var feil i ein kabel, så Kvam kraftverk måtte komma med agregat og greier før me fekk steikt pizzaen vår. Eg har aldri heva ein pizza så lenge! Men det gjekk då bra:-) Sjølv om det ikkje blei pizza, men kalde skiver på Jarand.



Jarand lot seg ikkje merka av at det var litt mørkare enn vanleg på kjøkkenet, for han fekk lov til å "vaska opp". Han stod i ein heil time og jobba. Det blei berre hylskriking når eg prøvde å løfta han ned frå stolen...

Ingen kommentarer: