onsdag, februar 11, 2009

Leik

Jarand er som regel ferdig med det han driv på med før eg har funne fram kamera... Han har så mange prosjekt. Han likar å leika rundt Mari og det hender han finn leikar til ho og. Det hender også at han blir heilt oppgitt når ho veivar med armane og dyttar på leikane som han har stilt så fint opp...
Mari er veldig nysgjerrig, så ho likar å kikka seg rundt. Ho klarar å halda hovudet oppe pittelitt lenger for kvar dag som går.

Mari får til å leika litt med rangla. Den måtte me ta frå Jarand når han var baby. Han slo seg berre hardt i hovudet med ho... Det ser ut som om Mari er litt meir forsiktig.
Ellers så er Jarand blitt flink til å gå utan bleie heime. Me prøver også å la han gå utan bleie inne i barnehagen. Det har gått bra så langt, sjølv om han seier at han ikkje vil tissa på do i barnehagen. Jarand seier no så mykje rart...;-) og så er han begynt å spørja litt "Koffidadå?"... Om me spør han om "Koffor da då?" då hender det at me får til svar. "Ikkje sei koffidadå!".

Ingen kommentarer: