tirsdag, februar 03, 2009

Sjusete

Det har vore skikkeleg fint å gå på ski og å aka på Sjusete siste veka, så der har me vore ein del. Mari har sove i saueskinnsposen, medan me andre har kost oss med kakao, nista, aking og skigåing. Jarand er som mor si, det hender han treng sjokolade for å gå vidare på ski... Jarand likar best å halda ein av oss i handa. Han har ikkje fått med seg at eg ikkje nett er heilt til å stola på med ski på beina;-)
Inge og Solfrid og Mari i vogna ein søndagsettermiddag.
Kjell Inge og Jarand.




Ingen kommentarer: