lørdag, juli 11, 2009

Austevoll

Ein sundag tidleg i juli fekk me lokka med oss Marit og Johannes på ein omvisning på Austevoll. Hovedmålet med turen var å sjå Stolmen, der oldefar til Mari og Jarand kom i frå.

Marit og Johannes ordna med eigne guaidar, Vidar og Marit, som visste kor me skulle køyra og slikt.

Så etter ein jordbær-og-is-stopp hjå Vidar og Marit gjekk turen til Stolmen der me blandt anna fekk sjå grunnmurane etter barndomsheimen til oldefaren og ein stopp på kyrkjegarden der dei i tillegg til ein eigen kolera-avdeling hadde grava til tippoldemor til Mari og Jarand.

Det var ein vakker dag i Austevoll. Sol og utan vind. Fin plass med litt annleis terreng, men må vel innrømma at for meg vert det litt for flatt. Austevoll har sitt høgste punkt på latterlige 244moh (Loddo).

Guaidane Marit og Vidar, besteforeldra Marit og Johannes. Astrid er og ser etter to sovande ungar.

Tippoldemor/Oldemors gravstad.

I Bekkjarvik vart det mat, og me tok ein familievenleg stopp på ei lokal badestrand, mens resten av turfylgjet køyrde heilt nordvest i Austevoll. Nokon trong ein liten pause horisontalt. Det er hardt å vera småbarnsfar og samtidig vera oppe halve natta...

Ingen kommentarer: