søndag, juli 05, 2009

Deilige dagar på Bakka

Ferien starta i juni for fyrste gong i mi feriehistorie. Ingen nedtur det.

Me sendte Jarand med bussen til Ålvik og vidare med besteforeldra til Bakka. Eg kom etter på sykkel (ca. 7 timar tok det å sykla dei knappe 140km på min gamle offroadsykkel). Astrid og Mari køyrde bil, lathansane...


Laurdagskvelden var nesten heile Bakka samla utanfor hytta for eit betre grillmåltid. Og masse sider. Sånt blir da god steming av.


Dagenderpå var veret framleis godt og med litt vatn i badebasenget kunne dei to minste kosa seg.


Mandagen kom og Mari laut debutera med redningsvest. Me la i veg i retning Gudvangen. Mari likte båtlivet meir enn storebroren gjorde når han var like gammal. Ho elskar alt som har med vatn å gjera so....


Halvvegs inn fjorden var tanken tom, og årene måtte takast i bruk. Det gjekk tungt med dårleg tilpassa årer, men me kom oss inn til slutt og fekk handla bensin og IS.


Ann Kristin og Gullbjørg var på Bakka også. Ann Kristin er veldig flink med ungane, og vart fort Jarand sin nye favoritt. Her e ho i lag med Mari.

Ingen kommentarer: