søndag, oktober 25, 2009

Rundt Fitjadalsvatnet - 18. oktober

Sist helg brukte me store delar av dagen på å gå rundt Fitjadalsvatnet. Jarand og Tigeren skulle gå fremst og telja oss. Dette er noko dei byter på å ha ansvar for på utegruppa i barnehagen.
Kule folk på tur!

Litt av Fitjadalsvatnet.
Han som skulle gå først blei stadig distrahert av kjekke ting å driva på med langs vegen. Det var så utruleg gøy at det var is ein kunne knusa på dammar. Eg hadde gløymd hua mi, så eg brukte hetta på jakka og såg ut som eg skulle på polferd...

2 kommentarer:

Kristine sa...

Fitjadalen er jo ein lang tur. Noko liknande kan me berre drøyme om å få femåringen vår med på.

Astrid Holmefjord sa...

Dei er forskjellige desse små, men me brukar no ganske lang tid når me går på sånn familietur og så har me med god nista og sjokosjade;-)