mandag, mars 01, 2010

Frukost med Jarand

"Da dar e hjort" seie Jarand og peikar på fenalåret.
"Nei da e sau" seier eg. .
"Eg såg hjort på Bakka i går" seier Jarand.
Det stemmer:-)

"Har nåken skåte ein sau?" spør Jarand.

Jarand har tydlegvis fått med seg noko om hjortejakta... Når eg seier at det er ingen som har skote sauen, så må eg til å forklara om slakting av sau. Eg håpar eg ikkje lyg altfor mykje sidan det alltid er ein fare for at det ein seier blir fortald vidare i barnehagen. Jarand et nøgd på skiva si med fenalår og avsluttar samtalen med "Og so bæsja me den ut igjen". Å seia bæsj er noko av det mest morosame ein kan sei for tida;-)

No leikar me butikk og då er han litt meir formell. "Astriiiiiiiiii ka vil du ha no?"

Sola skin og Mari ligg alt ute og sover i vogna si. Eg og Jarand får komma oss ut me og.