mandag, november 28, 2005

Då har me vore heima i eit døgn!



Det var godt å komma heim igjen! Sjølv om det var godt å ha ei snor å dra i når ein ikkje visste korleis ein skulle gjera ting, eller babyen ikkje ville slutta å grina om natta... Me blei tekne godt vare på på sjukehuset!

Me fekk skikkeleg velkomst når me kom heim og. Forelda mine kom før oss og fyrte i omnen, så det ikkje skulle vera så grisekaldt her.

Om nokon synst rumpa til babyen ser litt svær ut, så er den absolutt ikkje det. Han må gå med to bleier på grunn av at han låg så lenge i seteleie. Dei tok ultralydscanning av hoftene på sjukehuset og då var han i grenseland på målingane. Bleiene tvingar hoftene på betre tankar. Legen som undersøkte han ved avreise, syntest hoftene kjentes bra ut. Me håpar at alt ser bra ut på kontroll i januar.

søndag, november 27, 2005

Line


Tormod og Line kom på besøk i kveld eit par timar etter me kom heim. Da va kjekt.

Bestefar


Bestefar tykkjer han ser ut so ein Johannes Holmefjord. Iallefall ein Holmefjord.

Klar for heimreise


No e han klar te å reisa utanfor døra på fødeavdelinga på Voss sjukehus.

Han sov heile vegen til Norheimsund. Da va me ikkje leie oss fø.

Kampklar


Kampklar

Åh...fyfaen


Alive and kickin'

Fjelltur


Ein liten fjelltur vart det tid til og. Laurdag morgon såg Ålvik slik ut frå Hedler.

Svithun


Barnevogna e klar. 1975 modell. 3xTyssen har allerede fått brukt den.

Stao no pao


Supportarkleda er klare!

onsdag, november 23, 2005

Tebake på arbeid


Kjekke kollegaer......

Det var dette som møtte meg på intranettet i dag....

The story...so/by far

Mandag ca 1430 hadde Astrid ring sjukehuset og fått klarsignal te å komma i løpet av ettermiddagen. Ho meinte ikkje det hasta so veldig. Eg gjorde meg derfor ferdig på arbeid og reiste heim ein time seinare. Stappa i meg raspeballar under frustrert tilsyn frå ei fastande frue.

Me pakka litt og sette oss i bilen. Kvart på fem. Og da va då da starta. Før me passerte Straumen kom dei fyrste klynka, og før me passerte Børvenes vart volumet skrudd betrakteleg opp. Faen - da e jo rie jo. Og so ho sa : da sa pang og so begynte da å renna. Eg høyrde ikkje noko pang, men kan no lata so eg forstår.

Vatnet va gått.

Eg tenkte på bilseta (ja, riktig...)

Køyrestilen gjekk kjapt over frå nøytral til aktiv elle va da agressiv?

Riene kom stadig oftare. Da so va ti minutt i Øystese hadde vorte fire-fem minutt i Ålvik.

Me ringte sjukehuset og jordmor var veldig roleg og ønska oss velkommen. Om det ikkje roa riene te Astrid, så roa da iallefall nervene.

Me ankom sjukehuset på Voss klokko seks. Veret var fuktig men elles fint. Tss

Mens eg parkerte bilen hadde Astrid stupt inn i sofaen i respesjonen på sjukehuset, litt action for dama i buret ein mandagskveld. Ho virka ikkje veldig klar fø da :-)

I gangen før fødeavdelinga var Astrid liggjande å hyla so ein stukken gris. Seng vart henta og eit rom vart funne. Rier, blodprøvar, rier, gauling, osv.

Etter ein spinal (?) vart da gjort klart fø litt kutting. Eg sat bak teppet. Astrid virka ein smule bedugga. 18.47 kom da nokre gurgle lydar før ein smågretten kar på 46 cm kom fram frå bak teppet. Han vart fort blid igjen og har knapt vore vore høgrøysta(han må jo bli dan perfekte barnehageguten - "innestemme") itte på (bortsett frå då legen plaga han då...)

Etter vask og stell, ein kort visitt i pappa sine armar og på mamma sitt bryst vart han teken med til fødeavdelinga. Astrid vart sendt til intensiven(?) for oppvakning(?) .

Eg og detta vetla kreket fekk oss ei roleg stund på rommet på fødeavdelinga før me fekk audiens hjå dan nybakte mammo itte knappe to timar.

Me e glade begge to.

ps. ein liten ting - fø dei so tykkje "krek" e litt ufint - her e definisjonen frå nynorskordboka :
krek : 1. lite (hjelpelaust) dyr; krypdyr 2. hjelpelaust menneske
kan vel ikkje seiast meir presist....????

Blomster


Blomster vart da på oss og. Og sko.

Me takkar so mykje. Da va gildt ao dekan!
Marit og Johannes
Arne og Irene
Adle på Jondal Skule
Inge og Solfrid
Svein, Liv Marit, Gunnbjørg og Kjetil
Gullbjørg, Mai Lisbeth og Ann-Kristin
Kjell Magne og Solveig
Synnøva
Tormod og Magnar