fredag, august 04, 2006

På stranda på Aksnes

Astrid og Heidi inviterte til bading og då sa me ikkje nei takk:-) Det er jo så varmt og fint for tida:-)
Det er deilig å vassa!!! Jarand synst det var litt kaldt om vatnet kom heilt opp til navlen.
Tang er godt!
Astrid hadde eit fint strandtelt. Her har det dukka opp ein snål kar i teltet hennar...

Idyllisk! Alt må smakast på!

Babytreff

På tirsdag var alle i babygruppa samla hos Camilla. Det var koseleg! Det er lenge sidan me har vore saman alle på ein gong.
Kevin, Astrid og Jarand. Astrid heiar på Liverpool, medan Jarand sr litt større på det og heiar på heile England.
Jarand og Astrid studerer TV-benken til Geir og Camilla.

Ikkje bra i heile tatt...




Medan han far var på Dovre, lot ho mor Jarand sitja i førarsetet i bilen medan ho bar inn ting og tang frå ein liten handletur... Jarand har bildilla!

onsdag, juli 26, 2006

Dovre

19-22 juli va da tid fø da årlege familieturen på ein tre-fira dagar i eit eller anna fjellområde.
Tidlegare har det vorte rundturar i Jotunheimen, Stølsheimen, Hardangervidda og Rondane. I år stod Dovre og Snøhetta for tur.

Onsdagen vart ein lang dag i bilen. Men mykje fin utsikt for da. Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø e jo verdt turen åleina nesten. Horungane e flotte å sjå te. Itte sju timar inkl. lunsjstopp tok me av frå Hjerkin og opp mot Snøheim. Itte nokre kilometer fekk me sjå vår fyrste moskus.


Utsikten frå Sognefjellsvegen mot delar av Hurrungane. Skagastølsryggen til venstre og Dyrhaugsryggen til høgre.

Moskus. Anbefalt avstand er 2-300 meter. Her e me for ner altso. Heldigvis hold dei seg i ro.

Me va ein liten tur oppom Snøheim fyrste dagen og. Snøhetta vakje noko motbydeleg syn.


Advarslar om moskus og advarslar om blindgjengarar. Da e farle å gå på tur.

I ruinane etter gamle Reinheim va da tid for ein pause. Då va da berre resten av steinrøysa att.

Magnar poserar med kveldens drikkevarer i nevane. Stortoppen i Snøhettamasivet e bestege. Godt fornøyde med da.

Resten av Snøhetta-toppane. Lengst til venstre - Vesttoppen som vart besøkt to dagar seinare. Til høgre for den - Hettpiggen som krev klatring og som me heldt oss klokeleg vekke frå denna gongen. Den lange toppen med to små høgder på er midttoppen på Snøhetta. Den stakk me ein tur bortom.

Itte ein stor porsjon Joikakaker på den sjølvbetjente Åmotdalshytta va da tid for desser - pannekake. Og ØL. Besta ølet me har smakt, til tross for lunkne tjue grader. Men so hadde da tross alt vore over 2000 meter, og kosta lika mykje i svette so da tilførte beraren i veska.

Stemningsbilde frå Åmotdalshytta. Karen har vore å henta vatn. Ana ikkje ken han e.

Dag to gjekk me frå Åmotdalshytta til Snøheim gjennom Svanådalen. Her ser me tilbake der me kom frå. Den flotte toppen litt til høgre i bildet er Langvasstinden.

Dag 3 vakna me til detta veret. Da kunne jo berre gå ein veg, og da gjorde da, men ikkje før me sat trygt i bilen på veg heim att, itte å ha fått oss ein tur til Vesttoppen (til venstre i bildet)


Pause e godt når sole steike.

Her e dei to turistane og den eine av dei to berarane deira. Besteforeldra i fylgjet tok fri frå ryggsekkane denne dagen og såg vel ikkje nett fjellvande ut dar dei gjekk med skjorto i neven so einaste bagasje.


GPS'en var med, og her e resultatet itte litt leik med Google Earth. Nokre av vatna ser litt snåle ut, og det kjem av at Google interpolerar høgdekurvene frå eit heller dårleg kartgrunnlag, derfor kan vatn ligga "oppøve" bratte fjellvegga.

Takk for turen. Nytt år og nye moglegheiter neste år.

Første sjøbad

Me tok ein tur i Straumvikjo, badeplassen på Holmefjord. Jarand likte godt å bada, men det vart litt kaldt når vatnet kom heilt opp til navlen;-) Jarand symjer! Eg held han berre litt...
Her prøver me redningsvesten. Jarand likar brystsymjing best...

Snekring

Eg kjøpte to CD-hyller i bursdagspresang til meg sjølv. Karane tok ansvar for å setja dei saman. Sidan Jarand tydelegvis likte å snekra, så lurte me på om han var moden for bankebrettet han har fått av Thea Malin, Silje og Lars Ottar. Jarand forstod det slik at den klubba var til å tygga på... Me prøver igjen seinare;-)

Onkel Magnar si hand er god å ha når barne-TV er litt skummelt...

søndag, juli 23, 2006

Mammo har bursdag

Jarand gratulera (gamle)
MAMMO
28 år...

... ikkje lenge til 30 no...


Dar kjem mammo, gamle mammo,
Ta på deg triskona og spring.
Dar kjem mammo, gamle mammo,
dinge-dinge-dinge-dinge-line.

torsdag, juli 20, 2006

Jarand og Thea Malin

Jarand stakk innom Thea Malin når ho var hos mormor Bjørg på Holmefjord.
To skjønne små luringar!!!!!!!!!!!

tirsdag, juli 18, 2006

Torefjell

Etter ein prøvetur i beremeis til Bjølveseter fann me ut at no va da på tide med litt skikkelege turar. Torefjell va målet, då me la ut frå parkeringsplassen på Sjusete i halveitt tida.

Veret va strålande og formen kjentes fin for alle tre. Da såg ut til å bli ein fin, varm dag te fjells. Noko da og vart. Me nådde ikkje heilt toppen - da vart stopp på ca. 960moh, altso knappe hundre høgdemeter under toppunktet. Men me va nøgde, og Jarands alder tatt i betraktning trur eg me godkjenne da som hans fyrste tur te Torefjell.


Far og son på veg te Torefjell. Beremeisen e te å veksa i, og da e bra. Beremeisen va dåpspresang frå onkel Oddmund og onkel Halgeir, og e av flottaste modell.

Da vart mange kvilepausar på turen. Her e første pause itte at beremeisen vart teken i bruk (fyrste delen av turen vart gjennomført med vogn). Jarand kosa seg godt i graset.

Ein glad gut

Matpause på 900 meter over havet. Litt leik vart da tid te dar.

Jarand fekk matpause litt seinare på omlag 960moh. Dar fann han og ut at han ville sova litt so han sov ein god halvtime i beremeisen liggande på bakken. Då han vakna, litt for tidleg, va han litt gretten og me tok ikkje sjansen på å gå heilt opp på toppen. Men humøret kom seg raskt, og godt va da.

Ein glad gut II
GPS og Google Earth og me veit kor me har vore.