Tidlegare har det vorte rundturar i Jotunheimen, Stølsheimen, Hardangervidda og Rondane. I år stod Dovre og Snøhetta for tur.
Onsdagen vart ein lang dag i bilen. Men mykje fin utsikt for da. Tindevegen mellom Årdal og Turtagrø e jo verdt turen åleina nesten. Horungane e flotte å sjå te. Itte sju timar inkl. lunsjstopp tok me av frå Hjerkin og opp mot Snøheim. Itte nokre kilometer fekk me sjå vår fyrste moskus.
Utsikten frå Sognefjellsvegen mot delar av Hurrungane. Skagastølsryggen til venstre og Dyrhaugsryggen til høgre.
Moskus. Anbefalt avstand er 2-300 meter. Her e me for ner altso. Heldigvis hold dei seg i ro.
Me va ein liten tur oppom Snøheim fyrste dagen og. Snøhetta vakje noko motbydeleg syn.
Advarslar om moskus og advarslar om blindgjengarar. Da e farle å gå på tur.
I ruinane etter gamle Reinheim va da tid for ein pause. Då va da berre resten av steinrøysa att.
Magnar poserar med kveldens drikkevarer i nevane. Stortoppen i Snøhettamasivet e bestege. Godt fornøyde med da.
Resten av Snøhetta-toppane. Lengst til venstre - Vesttoppen som vart besøkt to dagar seinare. Til høgre for den - Hettpiggen som krev klatring og som me heldt oss klokeleg vekke frå denna gongen. Den lange toppen med to små høgder på er midttoppen på Snøhetta. Den stakk me ein tur bortom.
Itte ein stor porsjon Joikakaker på den sjølvbetjente Åmotdalshytta va da tid for desser - pannekake. Og ØL. Besta ølet me har smakt, til tross for lunkne tjue grader. Men so hadde da tross alt vore over 2000 meter, og kosta lika mykje i svette so da tilførte beraren i veska.
Stemningsbilde frå Åmotdalshytta. Karen har vore å henta vatn. Ana ikkje ken han e.
Dag to gjekk me frå Åmotdalshytta til Snøheim gjennom Svanådalen. Her ser me tilbake der me kom frå. Den flotte toppen litt til høgre i bildet er Langvasstinden.
Dag 3 vakna me til detta veret. Da kunne jo berre gå ein veg, og da gjorde da, men ikkje før me sat trygt i bilen på veg heim att, itte å ha fått oss ein tur til Vesttoppen (til venstre i bildet)
Pause e godt når sole steike.
Her e dei to turistane og den eine av dei to berarane deira. Besteforeldra i fylgjet tok fri frå ryggsekkane denne dagen og såg vel ikkje nett fjellvande ut dar dei gjekk med skjorto i neven so einaste bagasje.
GPS'en var med, og her e resultatet itte litt leik med Google Earth. Nokre av vatna ser litt snåle ut, og det kjem av at Google interpolerar høgdekurvene frå eit heller dårleg kartgrunnlag, derfor kan vatn ligga "oppøve" bratte fjellvegga.
Takk for turen. Nytt år og nye moglegheiter neste år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar