tirsdag, juli 18, 2006

Torefjell

Etter ein prøvetur i beremeis til Bjølveseter fann me ut at no va da på tide med litt skikkelege turar. Torefjell va målet, då me la ut frå parkeringsplassen på Sjusete i halveitt tida.

Veret va strålande og formen kjentes fin for alle tre. Da såg ut til å bli ein fin, varm dag te fjells. Noko da og vart. Me nådde ikkje heilt toppen - da vart stopp på ca. 960moh, altso knappe hundre høgdemeter under toppunktet. Men me va nøgde, og Jarands alder tatt i betraktning trur eg me godkjenne da som hans fyrste tur te Torefjell.


Far og son på veg te Torefjell. Beremeisen e te å veksa i, og da e bra. Beremeisen va dåpspresang frå onkel Oddmund og onkel Halgeir, og e av flottaste modell.

Da vart mange kvilepausar på turen. Her e første pause itte at beremeisen vart teken i bruk (fyrste delen av turen vart gjennomført med vogn). Jarand kosa seg godt i graset.

Ein glad gut

Matpause på 900 meter over havet. Litt leik vart da tid te dar.

Jarand fekk matpause litt seinare på omlag 960moh. Dar fann han og ut at han ville sova litt so han sov ein god halvtime i beremeisen liggande på bakken. Då han vakna, litt for tidleg, va han litt gretten og me tok ikkje sjansen på å gå heilt opp på toppen. Men humøret kom seg raskt, og godt va da.

Ein glad gut II
GPS og Google Earth og me veit kor me har vore.

Ingen kommentarer: