søndag, oktober 29, 2006

24 oktober - huskestue


Klokka tre var Jarand lei av å vera inne, og me måtte ut. Itte å ha prøvd den ikkje heilt trygge(vert fort hengande opp ned) huska me har lånt av Stian og Malene, krabba han rundt og såg seg om i nabolaget.

23 oktober - Kjepso

Mandag vart da tur te Kjepso frå Vetletveit. Me gjekk om Kjepsoåsen på veg til Kjepso. Bestemor hadde friveke, og var med. Etter turen fekk me fiskebollar til middag.

Jarand og bestemor på Kjepsoåsen, ein av postane i Ålviktrimmen. Ålviktrimmen er avslutta for i år, men me fekk poeng likevel sidan me henta inn boka. Jarand har derfor 32 poeng.


Han hakje da so gale, trur eg.

Hardangerfjorden og Oksen frå ca. Kjepso. Hausten e ei fin tid, når veret er slik som her.

onsdag, oktober 25, 2006

Snop

Me var i Bergen på laurdag. Og da e jo faen te plass, so me trengte trøst - me handla og tusenlappane forsvann.

Nytt digitalt kompaktkamera - Sony W30 - ein liten lekker sak.
Eit digitalt speilreflekskamera av typen Nikon D50 - ein stor lekker sak - vart da og.

So no skal da jaggu bli teke bilde av alt og adle, og bestefar kunne endeleg få att kameraet sitt.

Og når me kom heim låg jammen Fire-DVD boksen Live8 i postkassen...

tirsdag, oktober 24, 2006

Nestan te Dampen

Sundag 15. oktober, itte ein fin tur frå Breidalen til Bakka med folk frå Kvam, vart det tur for å leita itte geitebukkar i den jækla bratte fjellsida innanfor Bakka. Fekk sjå stader eg berre har høyrt navna på tidlegare. Da va kjekt. Me tok oss opp i nesten 600moh før me snudde nedatt. Desverre utan å ha sitt noko som helst til bukkane.


Svein ordnar eit tau slik at me kan ta oss over nokre sva heilt trygt i Holten.

Svein fortel om turen han og bestefar min hadde frå Gudvangen og utover fjellsida.


Mellom storskreao og høgskreao ser me nesten Bakka att.


I Holten stuper elva via nokre hyller fleire hundre meter nesten rett ned.

fredag, oktober 20, 2006

Jarand 11 mnd!

I morgon er Jarand 11. mnd. Han er blid og glad og likar å utforska ting. Favorittleiken for tida er å røra i bolla. Eg håpar han blir ein like god bollebakar som far sin!!!

Jarand har fått 4 tenner, 2 nede og 2 oppe. Han blei heldigvis ikkje dårleg når tennene kom opp.

I forrige veke var han på kontroll hos helsesøster. Jarand er no 73 cm lang, 9450 gram tung og 46 1/2 cm rundt hovudet. Neste kontroll er på sjølvaste bursdagen hans!

Jarand likar ikkje å få vatn i augene, så han har på sydvest i dusjen:-)

torsdag, oktober 19, 2006

Breidalen - Breiskrednosi - Bakka

Laurdag fjortande oktober. BigBoss Hans Christian var i Nærøyfjorden i juni, saman med svigerfar sin, Rolf. Dei ville sjølvsagt tilbake. So eg foreslo at eg kunne leika guaid på ein tur te fjells. Håkon og eg har hatt fine turar før, so han laut ve med. Svein Egil måtte desverre melda forfall - men han skal få køyrd seg ein annan gong. Ruta vart bestemt til Breidalen - Bakka. Den gamle gode stølsvegen i retur. Eg hadde andre planar. Dei måtte jo på Breiskrednosi. Itte ein kikk på kartet på Varane var adle samde om å legga turen utom nosi og dermed 6-7km lengre tur enn planlagt.


Tre brødre so ikkje e brødre på veg opp frå Breidalen mot dei gamle sel-tuftene. Frå høgre HC, Rolf og Håkon.

Øvst i Gravasundbotn kjem desse tre prega av alvoret.

Like under høgste punktet på stølsvegen - Varane.

I skoddao laut me gao. Øve Varane var det skodde, noko som gjorde orienteringsforholda litt vanskelegare. GPS'en var gløymd og. Men itte ein liten feilkoreksjon vart me einige med kartet.

Itte kamelpukklane på 1400moh. fann me ei dyregrav.

Utsikten frå Breiskrednosi e alltid fantastisk. Disen låg tjukk og skodda va da på toppane. Men Nærøyfjorden var blank og fin.

Bakka, Tufto og Nærøyfjorden frå Breiskrednosi.

Nok av utsikten. Me går heim.

Rimstigfjellet i horisonten.

På veg mot Skarsvatnet kom jammen sola og. Kan ikkje be om meir då.

Skarsvatnet som da perfekta spegl. Finaste vatnet i veri.

Bakka frå Rimstigen.

Da tok på knea dei siste 700 bratte høgdemetrane. Men itte ein dag elle tre so kunne adle gå so vanle.

Itte turen bar da te hyttao dar Astrid diska opp med Lasagne. Da va godt.

Takk fø turen. De skulle vå på Bakkanosi og, veittu. :-)

onsdag, oktober 18, 2006

Ottanosi opp

Ottanosi (976) i Fusa har eg hatt lyst å bestiga lenge. Onsdag vart det tur. Møtte Astrid på Tysse itte jobb, og køyrde ho til Holmefjord. Ho hadde tigga seg middag hjå Silje og Jarand skulle vera med ho. Eg fortsette til Hålandsdalen og Ottanosi. Ein fantastisk dag å ve på tur. 10.Oktober og shorts heilt te topps. 2 timar itte bilen vart parkert var turen unnagjort. Bratt og litt vått underlag i periodar, men ein fin tur.

Ottanosi sett frå 740moh.

Frå Ottanosi med Gjønavatnet midt i bildet - Folgefonna i horisonten.


Ut mot havet. Ottanosi byr på utsikt so langt jordkrumminga tillet...

Bilde frå GoogleEarth. Tysse e tydeleg oppe te høgre. Vegen te Ottanosi e merka med blått.

RoboGEO byr på meir morro og integrerer bilete med gps og Google Earth. Har berre ein demoversjon av RoboGeo som med vilje plasserer bileta litt feil på kartet. Poenget er iallefall at RoboGEO kan skriva geografisk informasjon frå GPSen inni bildefilene (EXIF) slik at ein veit kor dei er teke. Programmet kan også eksportera til GoogleEarth format slik at bilda blir representerte med eit ikon som klikkast på slik at bildet kjem opp. Blir nok fram med kredittkortet her, ja..

onsdag, oktober 11, 2006

Solhellanuten

Nydeleg haustver på tirsdag gjorde at me måtte ut på tur. Solhellanuten har vorte prøvd før utan hell, men me gjer ikkje opp. Jarand vakna seint nok so valeg, og Jan Tore skulle komma på besøk seinar, so me laut gå fort. Jarand var i perlehumør heile vegen opp og på ein vindstille topp kosa han seg i sola med å klatra i toppvarden. Nedatt sov han. Omlag ein og ein halv time kvar veg med pausar. Nesten 8km tilsaman.

Jarand kosar seg på toppen av Solhellanuten.

Å klatra i varden var jækla morro

Norheimsund og Øystese frå Solhellanuten.


Vesoldo te venstre, Varaldsøy i da fjerna.

lørdag, oktober 07, 2006

Ka skjer 070707 ?

FEST!!!!!
Om ni månader ska dessa to ha ein liten fest i bygdaheimen på Holmefjord, itte at me har vore på Årland ein tur...
so sett av 07.07.07...

torsdag, oktober 05, 2006

Ikkje akkurat Brykjefjellet

Onsdag vart da ein kort tur på Kvamskogen. Parkerte ved Wallemtunet og sprang oppøve mot Byrkjefjell. Sidan Jarand hadde sove vekk heile dagen vart da berre ein kort tur på eit par kilometer, men me fekk no sjekka moglegheitene til ein annan gong. Og sitt på dei fine haustfargane. Fø dei va jaggu fine.


Steinskvandalen e noko av da betre Kvamskogen har å by på. Fotasperrnuten til venstre, so fylger Godalseggjene og Botnanuten.

Såta midt i bildet. Beklagar alle dei små stygge bygningane.

Litt småkaldt, med rosa hua og utan elgskinnstøfflar, men da e no kjekt fø da.

Hagaåsen

På tysdag bestemte me oss fø å besøka Astrid på jobb i Samnanger fø fyste gong. Jarand va jo i si tid med på å skaffa Astrid jobben.

Jarand e jo ein liten mammadalt so fø at ho skulle få jobba i da heila vart besøket heller kort.

Eit referansespørsmål angåande turmoglegheiter i Samnager vart det likevel tid til. Noko svar var det derimot dårleg med.

So me la i veg oppøve Haga og vegen øve mot Tysselanddalen(elle noko slikt) - iallefall - på "toppen" fann me eit skilt med Hagaåsen på. Da va dit me ville. Køyrde oss ut i nærmaste grøft og la i veg. Tett skog heile vegen, ikkje nett drøymen for han far, men da fekk no helle ve. Jarand sovna so vanleg. Vakna att på toppen/utsikten, og då va da jaggu godt med banan.

Forøvrig ein godt merka sti. Og itte skiltinga å dømma kan turen gjerast på sti frå både Tysse og Haga fø dei so lure på da.

Samnangerfjorden i all si prakt.

Itte ei knapp banan var humøret i go'laje.

tirsdag, oktober 03, 2006

D+iplom

Siste dag i Ålviktrimmen e 1.10, og Jarand mangla fire poeng. Da laut bli ein søndagstur med andre ord. Ikkje at da va noko plaga - veret var jo fantastisk. Berre heile liabrekka14 på tur denna dagen, sidan besteforeldra te Jarand i Ålvik hadde reist på austlandstur.

Heile familien i eit sjølvportrett. Me e godt på veg te Hedler.
Ålvik og Hardangerfjorden frå like under Hedler.

Mor og son på Hedler.

Ålvik og Vikedal frå utsiktspunktet ved Hedler.

Jarand og Astrid poserar med Ålvik i bakgrunnen. Astrid med ein kledeleg gensar på hovudet.

Jarand klarte sin fyrste diplom i Ålviktrimmen i ein alder av 10 månader, 1 veke og 3 dagar.

D-4

I jakta på diplom vart det ein tur te Bjølveseter på fredagen og. Denne gongen vart heile liabrekka14 med og bestefar vart og jaga ut.

Stemninga ser ut te å vera god. Ikkje so rart, da va jo sjokolade å få.

Klokka vart halv åtte før me kom oss nedatt, og det begynte å mørkna.

Itte turen fekk me tilbod om smalahove på Lilletveit. Me vakje so vanskeleg å be.

D -8

Jarand skal ha diplom i Ålviktrimmen. Han mangla no 12 av 30 nødvendige poeng for å få diplomen. Bjølveseter vart målet tysdag fø ei veka sidan. Dagen før hadde me i lag med bestemor og bestefar vore i Dalen. Me møtte bestemor rett itte ho var ferdig på jobb i Ytre Ålvik og køyrde til fosse og parkerte der. 20 meter itte at me heiv igjen bildøra begynte det so smått å regna. Og verre vart da, men me hadde ein fin tur fø da me. Brukte berre ein time opp og ned.

På Bjølvester var det drikkepause og navneskriving i boka i postkassen. Og rykande ferske bollar. E jo husmor fø pokker.

Då me kom nedatt fann bestemor og Jarand ly for regnet i bagasjerommet mens dei stappa i seg endå meir bollar. Jarand fekk og prøva den nye Sogndal-lua si .

Bestemor laut hjelpa litt med heklinga av kanten rundt sidan foreldra hans ikkje kan slekt. Trur han e litt stolt.

Jarand e 8 poeng frå Diplom.