onsdag, august 08, 2007

Feriebilder - Trondheim - Nidarosdomen

Når ein er i Trondheim for fyrste gong må ein jo nesten ta ein tur i Nidarosdomen. Eg såg da for 13 år sidan eller noko slikt, mens Astrid og Jarand vart debutantar. Astrid hadde før denne turen ikkje vore nord for Ørsta. Skandaløst.

Astrid sit og ser på....
Nidarosdomen. Tykkjer det er litt sjukt at nokon har gidda å laga eit slikt bygg.


Me måtte opp i tårnet og. Heldigvis hinta ein av guaidane om at det kanskje var litt trongt for beremeisen oppøve. Eg hugsa det var smalt, men ikkje so smalt. Fin utsikt på toppen. Jarand begynte å bli trøtt so han har vel gjort kjekkare ting :-)


Måtte ut og lufta 200mm linsa mi litt. Figurar frå veggen på Nidarosdomen

Kunstverket i mønet..

Me hadde ein runde i Erkebispegården og, Jarand sov mens me kunne gå rundt å vera kulturelle. Var no eit og anna interessant å sjå. Spessielt kongerelekviane skulle ein fått ein nærare kikk på. Alle skoa i diverse fargar av glas derimot tykte me begge var noko av det teitast me hadde sitt.

Feriebilder - Vågå - Trondheim

Dag to køyrde me frå Vågå til Trondheim. Mykje køyring, men guten i baksetet var stort sett fornøgd. Om han ikkje var det før, vart han iallefall det når me entra pizzabufeten til Egon i Tyholttårnet.


Jarand sjekkar utstikten i Tyholt. Høgdeskrekk har han iallefall ikkje.


Jarand stappar i seg...


I can see my car from here....


Som sagt, høgdeskrekk er ikkje noko Jarand har utvikla endå.


Flakk camping eit par mil vest for Trondheim vart valgt for natta. Fin campingplass med sandstrand og greier.

Feriebilder - Norheimsund - Vågå

Starta turen godt med at vegen vart stengt av ras ved Øvre Granvin. Itte litt tid fekk fann me på å prøva å køyra sykkelvegen på "feil" side av Granvinvatnet. Tilfeldigvis hadde det vore ei bilulykke ved Kvandal etter at me passerte der, slik at me kunne ligga bak ambulansen og slik lett passera kolonna av bubilar som kom i mot.

På Sognefjellet lyt ein stoppa. Flotte rasteplassar med grus so Jarand kunne leika i, og sikt-installasjonar so far hans slepp å lura på kva fjelltoppar han ser på. Luo te mammo e nok litt stor endå...




Far og son prøver å setja opp teltet i Vågå. Turens dyraste campingplass. 180kr for ei natt.

Eit bevis på at me fekk da te. Teltet e oppe. Jarand skulle liggja godt i si reiseseng som me faktisk fekk inni fjellteltet mitt.

På tur på Kvamskogen



fredag, juli 06, 2007

Bygdalarm



Eg må berre få da ut: Da e jækli -jækli- dårlig gjort å ha festival i Øystese sama helge so eg ska gifta meg. Da bør ikkje gjenta seg.

lørdag, juni 30, 2007

torsdag, juni 28, 2007

søndag, juni 17, 2007

Skotring

Da skulle ve brydlaup i (vilha) babygruppa te Astrid, og då høyre visst skottring med...te og me eg so elska å kle meg ut, fekk på meg ei maska og ei gammal hopp-buksa...

Finduskostymet til Astrid begynnar vel å bli velbrukt, men da e fyrste gong eg har fått sjå da på ho. So no lyt ho ha detta på seg kvar kveld. Ehh..


Denna mannen har me ikkje sett på maange år. Kva er vel meir logisk enn att han dukka opp i Øystese ?


Fela gjeng...


Godt at nokon ikkje e so sjølvhøgtidlege so visse andre. Legg merke til diamanten i navlen. At han kledde da e kanskje å ta i...not my kind of bellydancer jaffal :-)

fredag, juni 08, 2007

Ny mobiltelefon

Mobiltelefonen eg kjøpte i 2002 begynte å fuska... i tillegg så gjekk ladaren sund for ei stund sidan. Eg lånte ein gammal ladar av svigers, men så klarte eg å øydeleggja den ladaren og.... Det var minuspoeng til meg...

Eg har då kjøpt meg ny mobiltelefon. Jippi! Sony Ericsson k610i, knall raud:-) Den ligg langt over kva eg forstår av telefon, spranget frå 2002 blei litt for stort... men eg har skjønt blogge-funksjonen. (Sjå dei to forrige innlegga). No kan eg "berika" bloggen vår frå korhen eg er, berre eg har med mobiltelefonen:-) Det er kjempeenkelt. Det er berre å ta bilete og så senda det til bloggen.

:-D



Sommar


Kjell inge og jarand

tirsdag, juni 05, 2007

Frå Karmøy te Fossen

Ikkje før dei langvegsfarande frå Karmøy hadde komme innom dørane, jaga me dei ut att for å sjå på vårt kjære nasjonalskatt av ein foss (velvel, da ligg vel ikkje nett noko verdsarvstatus og ventar...)


Fossen i all si prakt. Fodle av smeltevatn, fø no ska visst snøen vekk.


Litt av vitsen e jo å ve bak fossen. Og da e me her.

Her nyt me utsikta frå det svært forseggjorte utsiktspunktet. (Ironi)


Mette av buldrande vatten gjekk turen heimatt. Eg fekk prakka beremeisen på andre då eg hadde "gløymt" (vakt)mobilen. Eg gløymde visst å få han tebake på ryggen og...

Geitebokkar

Me hadde tenkt oss ein tur te Gudvangen, men snørasa hadde ikkje smelta endå, så då vart me ståande å sjå på dessa karane i staden. Kjekke dyr, sjølv om dei luktar litt dårle. Godt me har deodorant.

Som de ser (han te venstre) e Elvis død, og gjenfødd som geitebukk.