onsdag, august 08, 2007

Feriebilder - Trondheim - Nidarosdomen

Når ein er i Trondheim for fyrste gong må ein jo nesten ta ein tur i Nidarosdomen. Eg såg da for 13 år sidan eller noko slikt, mens Astrid og Jarand vart debutantar. Astrid hadde før denne turen ikkje vore nord for Ørsta. Skandaløst.

Astrid sit og ser på....
Nidarosdomen. Tykkjer det er litt sjukt at nokon har gidda å laga eit slikt bygg.


Me måtte opp i tårnet og. Heldigvis hinta ein av guaidane om at det kanskje var litt trongt for beremeisen oppøve. Eg hugsa det var smalt, men ikkje so smalt. Fin utsikt på toppen. Jarand begynte å bli trøtt so han har vel gjort kjekkare ting :-)


Måtte ut og lufta 200mm linsa mi litt. Figurar frå veggen på Nidarosdomen

Kunstverket i mønet..

Me hadde ein runde i Erkebispegården og, Jarand sov mens me kunne gå rundt å vera kulturelle. Var no eit og anna interessant å sjå. Spessielt kongerelekviane skulle ein fått ein nærare kikk på. Alle skoa i diverse fargar av glas derimot tykte me begge var noko av det teitast me hadde sitt.

Ingen kommentarer: