torsdag, mars 05, 2009
Snø i hagen - del 1
torsdag, februar 19, 2009
Rikstelefonstasjonen - frå bt.no
Her finn de ein artikkel skrive av Ella Marie Brekke Vangsnes om rikstelefonstasjonar i Fusa. På bilete ser de oldemor mi Anna Marta Samnøen. Mannen hennar som har teke bilete:-) Oldemor mi døydde diverre når besto var liten.
Besto, Anna Magdele Ferkingstad tok over telefonstasjonen etter far sin i 1949. Telefonstasjonen var heime i huset dei budde i. Dette bilete er teke av mammo, så eg trur eg droppar å be Fusa folkebibliotek om lov til å bruka det, like før stasjonen stengte i 1980. Besto er ho som står på bilete. Meir info om bilete finn de her.tirsdag, februar 17, 2009
Kontroll på helsestasjonen
I dag var Mari på ein pittelitt forsinka 3 mnd. kontroll. Ho smilte og lo til helsesøster Birgit heilt til Birgit ga Mari to sprøyter med vaksine... Det syntest Mari var veldig vondt, så ho var utrøsteleg ei stund.
Tal:
Mari, 3 mnd og 11 dagar: 5605 gram, 59,7 cm lang og 41 cm rundt hovudet
Mari er ganske gjennomsnittleg jente. Ho ligg pittelitt under streken på vekt i høve til lengde, ellers traff ho streken bra;-)
og til samanlikning...
Jarand, 2 mnd og 3 veker: 6140 gram, 59,5 cm lang og 41 cm rundt hovudet, 4 1/2 mnd: 7170 gram og 64 cm lang
Astrid, 3 mnd: 5120 gram, 58 cm lang, 4 mnd: 6050 gram og 60 cm lang
Kjell Inge 4mnd: 64 cm og 5900 gram
Jarand som var så liten då han blei født er visst den tyngste av oss;-)
Tal:
Mari, 3 mnd og 11 dagar: 5605 gram, 59,7 cm lang og 41 cm rundt hovudet
Mari er ganske gjennomsnittleg jente. Ho ligg pittelitt under streken på vekt i høve til lengde, ellers traff ho streken bra;-)
og til samanlikning...
Jarand, 2 mnd og 3 veker: 6140 gram, 59,5 cm lang og 41 cm rundt hovudet, 4 1/2 mnd: 7170 gram og 64 cm lang
Astrid, 3 mnd: 5120 gram, 58 cm lang, 4 mnd: 6050 gram og 60 cm lang
Kjell Inge 4mnd: 64 cm og 5900 gram
Jarand som var så liten då han blei født er visst den tyngste av oss;-)
onsdag, februar 11, 2009
Leik
Ellers så er Jarand blitt flink til å gå utan bleie heime. Me prøver også å la han gå utan bleie inne i barnehagen. Det har gått bra så langt, sjølv om han seier at han ikkje vil tissa på do i barnehagen. Jarand seier no så mykje rart...;-) og så er han begynt å spørja litt "Koffidadå?"... Om me spør han om "Koffor da då?" då hender det at me får til svar. "Ikkje sei koffidadå!".
Rundt i ring i babygymmen
Jentetur til Karmøy
I siste veka i januar reiste eg og Mari på besøk til Kjellaug, Brynjar, Solveig og katten Mia på Karmøy. Det var ein koseleg tur!!!!! Solveig var blitt så stor sidan sist eg såg ho. Ho er jo snart 1 år!!! Ho var født på Kjell Inge sin 30-årsdag, så me skal feira ho litt her òg;-)
tirsdag, februar 03, 2009
Enda meir - del 2 ...
Jarand aka og Mari var tøff med solbriller
Sjusete
Det har vore skikkeleg fint å gå på ski og å aka på Sjusete siste veka, så der har me vore ein del. Mari har sove i saueskinnsposen, medan me andre har kost oss med kakao, nista, aking og skigåing. Jarand er som mor si, det hender han treng sjokolade for å gå vidare på ski... Jarand likar best å halda ein av oss i handa. Han har ikkje fått med seg at eg ikkje nett er heilt til å stola på med ski på beina;-)
Abonner på:
Innlegg (Atom)


