

Jarand ser litt redd ut på sitt bilete, han smilte stort sett når han var på den alderen han og heldigvis.
I dag var Mari på 1/2-årskontroll. Alt står berre bra til:-) Ho er ei aktiv lita jente, så ho ville gjerne hjelpa helsesøster med papirarbeidet i staden for å liggja fint på stellematta.
Dagens mål...
Vekt: 6830 gram
Lengde: 64,5 cm
Hovudomkrets: 43,5 cm
Mari ligg omtrent på gjennomsnittet når det gjeld vekt i høve til lengde, medan ho ligg to strekar under gjennomsnittet når det gjeld lengda. Ho har no ikkje så høge foreldre heller;-)
På forrige kontroll hadde ho berre lagt på seg 250 gram på ein månad. Etter den kontrollen begynte me med graut på kvelden. Mari brukar nok mykje energi sidan ho er så mykje i rørsle. Det virkar som om ho likar graut. Grauten viste igjen på vekta og. No hadde ho lagt på seg 550 gram på 3 veker.
Så var det den faste posten..
Til samanlikning:
Jarand, 1/2 år
Vekt: 8136 gram
Lengde: 67 cm
Hovudomkrets: 44,5 cm
Godt at det er litt forskjell på jente og gute.kurven, ellers hadde ein av dei vore veldig utanfor normalen;-) Jarand låg vell litt over gjennomsnittet på vekt i høve til lengda.
Astrid, nesten 1/2 år
Vekt: 7210 gram Lengde: 64,5cm Hovudomkrets: 43 cm
Eg var litt tyngre enn Mari, men så hadde eg fått graut i lange banar når eg var 1/2 år;-)
Kjell Inge
kjell Inge var 68cm og 7650g 12 dagar før han var eit halvt år
Kjell Inge var lengst, men ikkje størst - om han ikkje la på seg mykje på 12 dagar då:-)