lørdag, august 15, 2009
På sykkeltur heilt til fossen og skulen;-)
Heime
onsdag, august 12, 2009
tirsdag, juli 14, 2009
Jarand og Mari
Mari er blitt 8 månadar og ei veke gammal. Ei veke før ho blei 8 månadar klarte ho å setja seg og på kne og deretter reisa seg opp når ho heldt seg i noko. No vil ho helst stå heile tida;-) Balansen blir betre for kvar dag, sjølv om den er langt i frå god enda... Det blir ein del knall og fall...
Jarand er verkeleg i "koffor-da"-alderen. Han spør om så mykje. Når me køyrer bil spør han alltid om kor lang tid det er igjen. "Å, ja!" seier han når me seier det er 10 eller 50 minuttar igjen. Eg veit ikkje om svara våre seier han så mykje enda;-) Han er blitt meir sosial, men og meir sjenert enn han har vore før. Foreldra og Mari er litt keisamt selskap innimellom, så han har veldig lyst ein tur i barnehagen. Barnehagen er diverre sommarstengt, så det går ikkje så bra. Det hjelper heldigvis å gå på besøk.
lørdag, juli 11, 2009
Botnen
Etter hard planlegging fekk me oss ein tur til Botnen - det er ikkje feitt med båtruter til denne veglause bygda innerst i Fyksesund, derfor må ein tur planleggast. Men me kom oss både inn og ut. (Må legga til at utatt kom me oss takka vera ein god kollega som tilfeldigvis var på same båten og kunne låna meg nokre grunkar - me vart robba på båten inn, der dei skulle ha full pris for ungane...noko som avviker litt frå nettsidene som sa gratis...) - det er med andre ord berre flaks at me ikkje vart sett av på Spjotneset og sit der og lurar.
Frå Peer Gynt som går i rute mellom Steinestø og Botnen. Ei turistrute med guaid på bånd, sal av både is og øl og greier og greier. Utatt tok me "postbåten" som går to dagar mellom Porsmyr og Botnen. Ei heilt anna oppleving. Fine begge, på kvart sitt vis.
Bejautifull waterfalls in Fyksesund
Botnen, med Løkjedalsnuten rett i mot.
Vel framme måtte heltane ha mat. Pannekaker ala toro vart middag fyrste dagen.
På tur innover Flatabødalen mot Flatabøstølen. Me kom oss ikkje heilt inn i dag. Kanskje neste gong... På bildet over er eg og Mari litt oppgitt over at Havrekjeksen inneheld berre 18% havre...

Litt spektakulær hytteplassering - Kiellandsbu på Løkjedalsnuten. Ubetjent(har ved/gass og senger men ikkje mat) DNT hytte. Dit skal eg.
Opphaldet går mot slutten og me nyter ein middag beståande av spagetti og umodifisert Dolmio, sjeldan kost.
Vårt casa for anledningen. Botnen skulehus er no "firmahytte" for Kvam herad. Den ligg berre hundre meter frå kaien og har det ein treng for eit opphold bortsett frå mat. Faktisk det ein treng for eit opphold for 12 personar. Og kostar 200kr døgnet. Kan nok bli fleire tuar hit...
Austevoll
Ein sundag tidleg i juli fekk me lokka med oss Marit og Johannes på ein omvisning på Austevoll. Hovedmålet med turen var å sjå Stolmen, der oldefar til Mari og Jarand kom i frå.
Marit og Johannes ordna med eigne guaidar, Vidar og Marit, som visste kor me skulle køyra og slikt.
Så etter ein jordbær-og-is-stopp hjå Vidar og Marit gjekk turen til Stolmen der me blandt anna fekk sjå grunnmurane etter barndomsheimen til oldefaren og ein stopp på kyrkjegarden der dei i tillegg til ein eigen kolera-avdeling hadde grava til tippoldemor til Mari og Jarand.
Det var ein vakker dag i Austevoll. Sol og utan vind. Fin plass med litt annleis terreng, men må vel innrømma at for meg vert det litt for flatt. Austevoll har sitt høgste punkt på latterlige 244moh (Loddo).
Guaidane Marit og Vidar, besteforeldra Marit og Johannes. Astrid er og ser etter to sovande ungar.
Tippoldemor/Oldemors gravstad.
I Bekkjarvik vart det mat, og me tok ein familievenleg stopp på ei lokal badestrand, mens resten av turfylgjet køyrde heilt nordvest i Austevoll. Nokon trong ein liten pause horisontalt. Det er hardt å vera småbarnsfar og samtidig vera oppe halve natta...
Marit og Johannes ordna med eigne guaidar, Vidar og Marit, som visste kor me skulle køyra og slikt.
Så etter ein jordbær-og-is-stopp hjå Vidar og Marit gjekk turen til Stolmen der me blandt anna fekk sjå grunnmurane etter barndomsheimen til oldefaren og ein stopp på kyrkjegarden der dei i tillegg til ein eigen kolera-avdeling hadde grava til tippoldemor til Mari og Jarand.
Det var ein vakker dag i Austevoll. Sol og utan vind. Fin plass med litt annleis terreng, men må vel innrømma at for meg vert det litt for flatt. Austevoll har sitt høgste punkt på latterlige 244moh (Loddo).
fredag, juli 10, 2009
Utfordring
Eg blei utfordra av Else Marie
1. Gå til mine bilete
2. Velg mappe nr. 6.
3. Finn det 6. bilete
4. Legg det ut på bloggen din og send utfordringa til seks andre
Overraskande nok er det Mari som kom opp som sjette bilete i sjette mappe med bilete frå i år. Dette bilete er frå midten av januar.
Mari 5. mnd. gammal, ganske typisk for ho med tunga ut når ho har det kjekt. Leitar eg i mine bilete på datamaskina kjem dette bilete opp.
Eg utfordrar
http://kjellaug.blogspot.com/
http://www.kvamholmefjord.blogspot.com/
http://fam-nordheim.blogspot.com/
http://www.olvegutten.blogspot.com/
http://www.unedune.org/
http://lukassin.blogspot.com/
1. Gå til mine bilete
2. Velg mappe nr. 6.
3. Finn det 6. bilete
4. Legg det ut på bloggen din og send utfordringa til seks andre
Overraskande nok er det Mari som kom opp som sjette bilete i sjette mappe med bilete frå i år. Dette bilete er frå midten av januar.Eg utfordrar
http://kjellaug.blogspot.com/
http://www.kvamholmefjord.blogspot.com/
http://fam-nordheim.blogspot.com/
http://www.olvegutten.blogspot.com/
http://www.unedune.org/
http://lukassin.blogspot.com/
mandag, juli 06, 2009
Endeleg larm
Itte to år dar da berre ikkje har passa so skulle da i år endeleg bli Bygdalarm på oss. Fredag hadde me ordna med barnevakter og var på plass litt over seks.
Fekk med oss fire band i løpet av kvelden, og må vel sei at Side brok gjorde best inntrykk med Ash på ein klar andreplass. The School sleit me litt med i starten med dei kom seg ittekvart, utan at me sping avgårde for å kjøpe plate. Florence Valentin vart vel kveldens mest forgløymelege på ein måte. Det vart veldig veldig svensk. Og det til tross for at vokalen forsvann i all den andre lyden.
Ølkøane vart litt vel lange ittekvart, men hardangergrillen som avslutta kvelden var veldig god! Veldig fin stemning, og veret var jo fantastisk. Trur nok me kjem att seinare.
Ash...unektleg eit dårleg bandnavn i Noreg. Æsj.
Også Ash.
Øl var ikkje æsj.
Fekk med oss fire band i løpet av kvelden, og må vel sei at Side brok gjorde best inntrykk med Ash på ein klar andreplass. The School sleit me litt med i starten med dei kom seg ittekvart, utan at me sping avgårde for å kjøpe plate. Florence Valentin vart vel kveldens mest forgløymelege på ein måte. Det vart veldig veldig svensk. Og det til tross for at vokalen forsvann i all den andre lyden.
Ølkøane vart litt vel lange ittekvart, men hardangergrillen som avslutta kvelden var veldig god! Veldig fin stemning, og veret var jo fantastisk. Trur nok me kjem att seinare.
søndag, juli 05, 2009
Fine dagar på Kyrkjebø
Etter ei langhelg på Bakka reiste me til Kyrkjebø på besøk til Gullbjørg, Ann Kristin og Mai Lisbet. På vegen tok med med oss eit besøk på bremuseet i Fjærland og ein liten stopp i Førde.
Jarand er klar for eit museumsbesøk.
Astrid studerer ein utstilling om ismannen. Jarnad var mest interessert i installasjonar som hadde lys, lyd eller vatn som element. Og helst ein knapp for å setja dei i gong.
Me fekk oss ein tur til fjells på Kyrkjebø - Høyangerfjellet var flott. Grilling og kos etter ein liten tur i terrenget ved hytta til Ingvald.



Det tek på å vera til fjells heile dagen. Jarand og Mari sovna på vegen heim. Trur dei koste seg.
Deilige dagar på Bakka
Ferien starta i juni for fyrste gong i mi feriehistorie. Ingen nedtur det.
Me sendte Jarand med bussen til Ålvik og vidare med besteforeldra til Bakka. Eg kom etter på sykkel (ca. 7 timar tok det å sykla dei knappe 140km på min gamle offroadsykkel). Astrid og Mari køyrde bil, lathansane...
Laurdagskvelden var nesten heile Bakka samla utanfor hytta for eit betre grillmåltid. Og masse sider. Sånt blir da god steming av.

Dagenderpå var veret framleis godt og med litt vatn i badebasenget kunne dei to minste kosa seg.
Mandagen kom og Mari laut debutera med redningsvest. Me la i veg i retning Gudvangen. Mari likte båtlivet meir enn storebroren gjorde når han var like gammal. Ho elskar alt som har med vatn å gjera so....

Halvvegs inn fjorden var tanken tom, og årene måtte takast i bruk. Det gjekk tungt med dårleg tilpassa årer, men me kom oss inn til slutt og fekk handla bensin og IS.

Ann Kristin og Gullbjørg var på Bakka også. Ann Kristin er veldig flink med ungane, og vart fort Jarand sin nye favoritt. Her e ho i lag med Mari.
Me sendte Jarand med bussen til Ålvik og vidare med besteforeldra til Bakka. Eg kom etter på sykkel (ca. 7 timar tok det å sykla dei knappe 140km på min gamle offroadsykkel). Astrid og Mari køyrde bil, lathansane...
Trebåtfestival
Har ikkje nett rent ned dørene på Trebåtfestivalen, men når dei dreg Olav Stedje te bygda måtte eg sjå på.
Håpa sjølvsagt på litt Stao no pao. Den fekk eg ikkje, men Vi vandrar saman, ein nordmann sin draum og eit par andre golåtar vart det. Hyggeleg. (Må vel elles sei at sjølve festivalen elles ikkje e verdt inngangspengane for min del..)
Olav Stedje og Gurin Hagen med band.
Full fart på veg ned Steinsdalen i ein gammal brannbil. Utan pysestroppa, men me hadde hjelm, sånn i tilfelle.
Citroen DS. Stygglekker bil. Kunne godt tenkt meg ein slik :-)
Itte festivalen var det pizzatime på la Fiesta. Godt som alltid.
Håpa sjølvsagt på litt Stao no pao. Den fekk eg ikkje, men Vi vandrar saman, ein nordmann sin draum og eit par andre golåtar vart det. Hyggeleg. (Må vel elles sei at sjølve festivalen elles ikkje e verdt inngangspengane for min del..)
søndag, juni 14, 2009
Biletebevis
Eg skulle filma Mari som er blitt 7. mnd og som klarar å åla seg framover. Nokon syntest visst at Mari fekk litt vell mykje merksemd, så nokon kom og avslutta heile filminga. Den skuldige var ikkje så grei som han pleier å vera nett denne dagen...
Utandørs "fjernsynskjøkken"
6. juni gjekk me til Nipen. Referat frå turen dukkar forhåpentlegvis opp på fjellkjell-sidene. Me hadde pannekakerøre med på tur, så her kjem litt kokkelering. Nokon steiker pannekaker, minikokken kokar smokken sin, medan andre tar ansvar og et det som blir laga.
Abonner på:
Innlegg (Atom)