onsdag, desember 08, 2010

8. desember... bompengar...

... ein sorgens dag for ein pendlar som nett svingar innom bomstasjonen før vegen fortsett bratt og svingete oppover Tåkagjelet og vidare over Kvamskogen, der det til tider kryr av fotgjengarar som ikkje har noko fortau å gå på. Eg får ikkje nett så mykje ny veg for 40.- per dag... All æra til dei som har skrive avisinnlegg og prøvd å endra ting til det betre i Kvammapakken! Berre så synd at det ikkje hjalp i det heile.

Eg er eigentleg ikkje imot å betala meir for vegutbygging og vedlikehald, eg er berre så utruleg imot bompengeinnkrevjing som måten å få inn pengar. La meg heller betala meir i skatt, så går ikkje så mykje av pengane vekk til anna enn veg.

Hadde bompengeinnkrevjinga vore meir på same måte som på Karmøy/i Haugesund så hadde det ikkje føltes så urettferdig heller. Der er det mange bomstasjonar og berre 12 kroner per stasjon (og timesregel vil eg tru?). Dessutan ser dei som køyrer forbi bommen ressultatet av vegarbeidet som blir gjort. 

Eg kan berre irritera meg over ein ganske skuffande tunnell. Eg har høyrd i lange tider om tunnellen mellom Øystese og Norheimsund, men den er no søren meg berre mellom Øysese og Øystese! Eg har nok ikkje sett meg heilt inn i saka heller, for eg har ikkje heilt skjønt kvifor det er nødvendig med ein tunnell. Eg har høyrd noko om at bebuarane på strekningen er plaga med vegstøy, kanskje me får ein tunnell og då? Me høyrer trafikken her ganske godt. - Eller kanskje det var bommen som er tiltaket mot støyet her. Gjera vegen så dyr å køyra på at alle køyrer om Strandebarm i stadan for, for der er det ingen bom... Kvifor skulle det ikkje vera bom på kommunegrensa der?

Nei, no er det leggjetid og nok klaging for i dag. Me har jo nokre lyspunkt og. Elgen til Jarand er kommen til rette, den var i skuret og ikkje under snøen ute i barnehagen:-) Kjell Inge har fått snøen sin i hagen. Mari har fått "Masse nøøøøøøøøøøøøø" og eg har gjennomført vellykka Årets nye yngdomsbøker bokprat/bokutstilling for ungdomsskuleelevane i Samnanger og  kost meg på julebord med Bibliotekarforbundet avd. Hordaland.

God natt!

tirsdag, desember 07, 2010

7. desember

Astrid har eit kalenderbloggprosjekt på gong, men i dag skulle eg visst nok gjera jobben.

Advent betyr visst nok å komma, og mens mange sikkert ventar på at Jesus skal komma, ventar eg berre på at snøen skal komma, og drøymer meg tilbake til oktober....då han både kom og gjekk. Snøen altso.



Eg laga eit år akebakke mellom huset og garasjen. Etter det er det blitt eit krav kvar gong det er meir enn to centimeter snø på bakken.

Skal vel faktisk vera Mari sin fyrste skitur nokon sinne. Eg trur ho vert flink.

Jarand ville gå på ski i dag. Slikt gjer meg glad.


mandag, desember 06, 2010

6. desember - Gokka mine

For ei veke sidan så "mista" me alle smokkane til Mari. Smokkeboksen var heeeeeeeeeeilt tom... Mari såg ein smokk på hylla på badet, men den var diverre "øydelagt" fekk ho høyra. Ho sat med store forundra auge og kunne ikkje forstå at alle gokkane var vekke. Ho har kaaaanskje vakna litt tidlegare enn ho pleier på morgonen, ellers virkar det ikkje som om smokken er savna. Heldigvis!
Her er eit bilete av eks-smokkbrukaren i februar.

søndag, desember 05, 2010

5. desember går mot slutten

ungane sover søtt og det bør foreldra deira og gjera snart òg.

Julekalendrar er veldig nyttige, for ein får trent seg på å opna alle gåvene som skal opnast på julafta. Mari har skjønt at Jarand er god på å pakka opp, så ho spør han om hjelp når ho står fast.
I dag var det berre tau oppe på pakken, så då gjekk det fint:-) Litt alvorleg på morgonkvisten...
Ungane har ein heimelaga legokalender m/dokkeklede innimellom... (hemmeleg...) Gåvene har vore populære. Jarand følte han måtte spørja pappen om det verkeleg var eit juletre han fekk i dag. Jarand lurte òg på om me hadde teke klossane ifrå han. Det kunne eg avkrefta. Her set Jarand saman igjen "juletreet" sitt. Det er ikkje så lett for eit legojuletre å overleva å bli pakka opp...
Nokre fleire bilete i dagens rapport: Mari er ganske husleg av seg. Ho synst det er gøy å bretta klede og leggja på plass. Blir reine skattejakten for forelda etterpå, sidan Mari ser litt ulikt på kvar ting skal vera. Det blir spanande å sjå kor lenge denne huslege interessa varer.
Litt kakebaking fekk me og tid til:-)
Kjell Inge og Jarand byggjer ein vanskeleg dumper. Det er eit prosjekt som kjem til å ta fleire dagar. Mari sitt byggverk er litt meir overkommeleg.
Sara Bernard-kakene vart ikkje nett som på bilete til oppskrifta... så me sette på nokre dinosaurar og døyper kakene om til dinosaurjulekaker...

lørdag, desember 04, 2010

4. desember, ein søt dag

I dag har me fått gjort ein heil del, sjølv om første plan for dagen gjekk litt dårleg. Me skulle pynta med utejuletrelysa, men dei virka ikkje. Me har tre sett, men har visst klart å øydeleggja leidningane eller adaptera på alle tre.

Vegard Markhus var på Huus bokhandel i Øystese og las ("nei viste bilete på skjermen", retting frå Jarand)Timothy mister seg sjølv i dag. Ei artig bok, så det måtte me ha med oss:-)


Me suste frå Øystese til Eikelandsosen så me rakk leikebutikken der og Jarand fekk byta den eine av to lego-brannstasjonar som han fekk til bursdagen. Blei ein legodumper, legomann og ein elg i byte. Jarand gler seg til å byggja lego i morgon!

Me har ikkje teke eit einaste bilete i dag, så me har ikkje ein gong fått foreviga besøket vårt hos onkel Pudding og Wenche, eller sjokoladePudding som Wenche kalla han i dag;-) Dei hadde sjokolade, kjeks, brus og chips. Det sette ungane stor pris på! Mari er ikkje vant til at det er sjokolade i skåler som alle kan ta av. Ho er heilt vill etter sjokolade, så ho pleier berre få litt i ei skål til laurdagsgodt. Ho var no snill i dag då, ho tok ikkje meir når me sa at no var det siste biten til henne.

Til slutt var det middag på Holmefjord. Det var godt! Besto hadde til og med laurdagsgodt til Mari og Jarand, men det fekk dei berre litt av;-)

fredag, desember 03, 2010

3. desember

 Jarand blei 5. år 21. november! Hipp hurra!!! Bursdag er stor stas!!!

 3 kameratar frå barnehagen, 2 storebrødre og ei mamma kom på føremiddagsselskap:-)

Jarand fekk mykje kjekk lego, så den einaste onkelen som kunne komma i ettermiddagsselskapet var nødt til å hjelpa til å byggja brannstasjon og brannbilar.
 Mari og Solfrid har pynta seg.
Alle besteforeldra:-)

torsdag, desember 02, 2010

2. desember

I ettermiddag har bestemor og bestefar vore på besøk. Bestemor las heile Kaptein-Sabeltann-boka for Jarand. Etter lesinga var det julekjeks-smaking. Gjestane hadde med is. Nam!
I går bakte me ut pepperkakehusdelane, julamanna og nokre pepperkaker. Jarand er blitt flink til å baka pepperkaker.
Mari lagde nokre fantastisk fine pepperkakedeigklumpar som ho la på brettet, før ho gjekk over til å ordna med dokka si. Dvs ta av buksa, så me kunne ta buksa på igjen. Ho lærer forhåpentlegvis raskt å kle på dokka sjølv...


Ein veit det er kaldt inne når ungane helst vil ha lua på inne;-) Hjelper helgvis å fyra i omnen:-)
 Sjefspepperkakehusbakaren.
Kakao er godt!

Bilete kom vist litt hultertilbulter... men det får berre vera sånn;-)

onsdag, desember 01, 2010

Julekalender - 1. desember


Nettet kryr av julekalendrar der ein kan svara på, her kjem ein julekalender der ein ikkje treng å gjera nokon ting. -Ein kan lesa den i januar om ein vil for den saks skuld. Målet er at me klarar å leggja ut noko kvar dag heilt fram til julafta. Noko gammalt eller nytt. Ideen med å gjera det sånn har me stole frå Kjellaug sin blogg, i fjor var det vell:-)

På filmen opna Mari første pakken i sin kalender. Ho trudde ho fekk sokkar, men det var vell heller dokka som fekk bukse. Kjooool, bestemte Mari seg for at det ikkje var sokkar.
Jarand ville sjå filmen med si pakkeopning, men det var tidleg på morgonen så eg kom ikkje på å ta bilete eller filma han som opna først.

lørdag, november 13, 2010

Me har fleire kattar

Jarand: Eg veit ka pusen vår heite
Eg: Ka då?
Jarand: Mjarand
Eg: Å?
Jarand: Da e jo eg so blir pusen. Skjønne du ikkje da eller????

Mari et riskake til frukost: Pusa eta pusa kjeksen, så peikar ho på riskaka og kosebamsepusen sin:-)

Mari pratar vidare: "Pappan såve, pappan såve putan sine.", så ser ho ei kråke utanfor glaset: oioioii, for danne oppan! Fortsettelsen skjønnar eg ikkje: Trakkan jakkon sina! Trur ho snakkar om noko her inne då. Ho pratar mykje for tida, men det er ikkje alt som er like lett å forstå.

Lukka gjen! Betyr skubba stolen hennar inntil bordet.

søndag, november 07, 2010

Verdens beste Mari sin 2års dag.

Turjento på veg mot Torefjell


Tid for lunsj





Tid for middag


Tid for kaka, ei kaka so Tormod hadde tjustarta