ungane sover søtt og det bør foreldra deira og gjera snart òg.
Julekalendrar er veldig nyttige, for ein får trent seg på å opna alle gåvene som skal opnast på julafta. Mari har skjønt at Jarand er god på å pakka opp, så ho spør han om hjelp når ho står fast.
I dag var det berre tau oppe på pakken, så då gjekk det fint:-) Litt alvorleg på morgonkvisten...
Ungane har ein heimelaga legokalender m/dokkeklede innimellom... (hemmeleg...) Gåvene har vore populære. Jarand følte han måtte spørja pappen om det verkeleg var eit juletre han fekk i dag. Jarand lurte òg på om me hadde teke klossane ifrå han. Det kunne eg avkrefta. Her set Jarand saman igjen "juletreet" sitt. Det er ikkje så lett for eit legojuletre å overleva å bli pakka opp...
Nokre fleire bilete i dagens rapport: Mari er ganske husleg av seg. Ho synst det er gøy å bretta klede og leggja på plass. Blir reine skattejakten for forelda etterpå, sidan Mari ser litt ulikt på kvar ting skal vera. Det blir spanande å sjå kor lenge denne huslege interessa varer.
Litt kakebaking fekk me og tid til:-)
Kjell Inge og Jarand byggjer ein vanskeleg dumper. Det er eit prosjekt som kjem til å ta fleire dagar. Mari sitt byggverk er litt meir overkommeleg.
Sara Bernard-kakene vart ikkje nett som på bilete til oppskrifta... så me sette på nokre dinosaurar og døyper kakene om til dinosaurjulekaker...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar