onsdag, desember 08, 2010

8. desember... bompengar...

... ein sorgens dag for ein pendlar som nett svingar innom bomstasjonen før vegen fortsett bratt og svingete oppover Tåkagjelet og vidare over Kvamskogen, der det til tider kryr av fotgjengarar som ikkje har noko fortau å gå på. Eg får ikkje nett så mykje ny veg for 40.- per dag... All æra til dei som har skrive avisinnlegg og prøvd å endra ting til det betre i Kvammapakken! Berre så synd at det ikkje hjalp i det heile.

Eg er eigentleg ikkje imot å betala meir for vegutbygging og vedlikehald, eg er berre så utruleg imot bompengeinnkrevjing som måten å få inn pengar. La meg heller betala meir i skatt, så går ikkje så mykje av pengane vekk til anna enn veg.

Hadde bompengeinnkrevjinga vore meir på same måte som på Karmøy/i Haugesund så hadde det ikkje føltes så urettferdig heller. Der er det mange bomstasjonar og berre 12 kroner per stasjon (og timesregel vil eg tru?). Dessutan ser dei som køyrer forbi bommen ressultatet av vegarbeidet som blir gjort. 

Eg kan berre irritera meg over ein ganske skuffande tunnell. Eg har høyrd i lange tider om tunnellen mellom Øystese og Norheimsund, men den er no søren meg berre mellom Øysese og Øystese! Eg har nok ikkje sett meg heilt inn i saka heller, for eg har ikkje heilt skjønt kvifor det er nødvendig med ein tunnell. Eg har høyrd noko om at bebuarane på strekningen er plaga med vegstøy, kanskje me får ein tunnell og då? Me høyrer trafikken her ganske godt. - Eller kanskje det var bommen som er tiltaket mot støyet her. Gjera vegen så dyr å køyra på at alle køyrer om Strandebarm i stadan for, for der er det ingen bom... Kvifor skulle det ikkje vera bom på kommunegrensa der?

Nei, no er det leggjetid og nok klaging for i dag. Me har jo nokre lyspunkt og. Elgen til Jarand er kommen til rette, den var i skuret og ikkje under snøen ute i barnehagen:-) Kjell Inge har fått snøen sin i hagen. Mari har fått "Masse nøøøøøøøøøøøøø" og eg har gjennomført vellykka Årets nye yngdomsbøker bokprat/bokutstilling for ungdomsskuleelevane i Samnanger og  kost meg på julebord med Bibliotekarforbundet avd. Hordaland.

God natt!

Ingen kommentarer: