I dag har me fått gjort ein heil del, sjølv om første plan for dagen gjekk litt dårleg. Me skulle pynta med utejuletrelysa, men dei virka ikkje. Me har tre sett, men har visst klart å øydeleggja leidningane eller adaptera på alle tre.
Vegard Markhus var på Huus bokhandel i Øystese og las ("nei viste bilete på skjermen", retting frå Jarand)Timothy mister seg sjølv i dag. Ei artig bok, så det måtte me ha med oss:-)
Me suste frå Øystese til Eikelandsosen så me rakk leikebutikken der og Jarand fekk byta den eine av to lego-brannstasjonar som han fekk til bursdagen. Blei ein legodumper, legomann og ein elg i byte. Jarand gler seg til å byggja lego i morgon!
Me har ikkje teke eit einaste bilete i dag, så me har ikkje ein gong fått foreviga besøket vårt hos onkel Pudding og Wenche, eller sjokoladePudding som Wenche kalla han i dag;-) Dei hadde sjokolade, kjeks, brus og chips. Det sette ungane stor pris på! Mari er ikkje vant til at det er sjokolade i skåler som alle kan ta av. Ho er heilt vill etter sjokolade, så ho pleier berre få litt i ei skål til laurdagsgodt. Ho var no snill i dag då, ho tok ikkje meir når me sa at no var det siste biten til henne.
Til slutt var det middag på Holmefjord. Det var godt! Besto hadde til og med laurdagsgodt til Mari og Jarand, men det fekk dei berre litt av;-)